I flytsona 2
Aktivitet
Kan du finne ut kva algoritmen nedanfor gjer?
- Kan du bevise at algoritmen alltid verkar?
- Kan du programmere algoritmen?
Starthjelp
- Prøv algoritmen fleire gonger, med forskjellige tal for X og Y.
- Det er nødvendig å ha eit oversiktleg system for å halde oversikt.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne oppgåva kan brukast som ein introduksjon til algoritmar representerte som eit flytskjema, og er eit godt høve til å trekkje fram omgrepet algoritmisk tenking. Denne typen aktivitetar i matematikk kan også leie til den viktige ferdigheita dataprogrammering.
Mogleg tilnærming
Elevane kan få oppgåva utan noka forklaring. Forstår dei oppsettet av flytskjemaet og problemet? Etter kvart vil det kome fram at flytskjemaet representerer ein algoritme. Deretter kan elevane teste algoritmen med forskjellige talpar for å finne ut kva han gjer. Kan dei bevise at algoritmen gjer dette kvar gong?
Elevane vil kanskje tenkje algebraisk, og det kan føre til forvirring når uttrykket X = X – Y kjem fram. Dei treng å forstå at X representerer ein plasshaldar for ein verdi som kan endrast når som helst i algoritmen. Sjølv om slike tilordningar er vanlege i programmeringsarbeid, ser matematikklærarar og elevar det kanskje som uvanleg og til og med «ulovleg» å bruke likskapsteiknet slik.
Gode rettleiingsspørsmål
Denne oppgåva krev tydeleg og systematisk tenking. Rettleiingsspørsmål bør oppmuntre til det.
- Kva betyr pilene og boksane?
- Kva skjer dersom du brukar for eksempel X = 10 og Y = 25?
- Kva er meininga med eit uttrykk som X = X – Y?
Mogleg utviding
- Kan du programmere denne algoritmen? I eit rekneark? Med blokkode? Med tekstkode?
- Kan du lage ein tydeleg steg-for-steg-algoritme som finn løysinga på ei andregradslikning, og som tek omsyn til at det kan vere 0, 1 eller 2 løysingar?
Mogleg støtte
Dersom elevane har lite kjennskap til algoritmar, kan dei også arbeide med I flytsona 1 og Zellers bursdag.
Ressursen er utviklet av NRICH