Læreplankoblet

Statinar og risiko

Aktivitet

Framside av det fiktive tidsskriftet Blabladet. Hovedoverskriften er "Ny supermedisin: Reduserer risikoen for hjertesykdom for alle"

Framsida av Blabladet er ikkje ekte, men dramatiske overskrifter med iaugefallande påstandar, som «REDUSERER RISIKOEN FOR HJERTESYKDOM FOR ALLE», møter vi ofte.

I denne nyheitssaka står det at risikoen for å bli utsett for hjarteinfarkt eller hjerneslag dei neste 10 åra, blir redusert med 40 % dersom ein tek statinar kvar dag.

Nyheitssaka hevdar at det er lurt å ta statinar. Statinar er ei gruppe legemiddel som senkar kolesterolnivået i kroppen, som igjen reduserer risikoen for å få hjarteinfarkt eller hjerneslag.

Betyr det at alle bør ta statinar kvar dag? Kva informasjon ville du hatt nytte av for å kunne vurdere påstandane i overskrifta og i saka på ein god måte?

Det er viktig kompetanse å kunne vurdere slike påstandar med eit kritisk blikk og gjere eigne utrekningar dersom det er nødvendig. Likevel minner vi om at ein alltid må ta legemiddel i samråd med ein lege.

Nyttig informasjon

 

Tabell som viser ti-års risiko for akutt hjerteinfarkt eller hjerneslag.

(henta frå https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/Hjerte-kar/ 17.10.2022)

Risikoen på 40 % i nyheitssaka er ein relativ risikoreduksjon.

For å kunne avgjere om dette har stor betydning for den enkelte, treng vi å vite den absolutte risikoen for å få hjarteinfarkt eller slag i løpet av dei neste 10 åra. Altså: Kva er risikoen om ein ikkje tek legemiddelet?

Tabellen ovanfor viser risiko for å utvikle hjarteinfarkt eller hjerneslag i løpet av dei neste 10 åra for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. Vi ser også at det er stor skilnad i risikoen for røykjarar og ikkje-røykjarar.

Det er små variasjonar i tilrådingane, men NHI informerer om at eit sunt kolesterolnivå er under 6 (https://nhi.no/sykdommer/hjartekar/undersokelser/kolesterol/), og eit sunt blodtrykk er under 140 (https://nhi.no/sykdommer/hjartekar/hoyt-blodtrykk-hypertensjon/hypertensjon-oversikt/). Vi treng ikkje tenkje meir over einingane (mmol/l og mmHg) for å arbeide vidare med denne oppgåva.

Som med alle legemiddel hender det også at det blir biverknader ved bruk av statinar. Kor mykje biverknader det blir, er diskutert, og tala varierer litt, men NHI skriv at omtrent 10 % av brukarane får ei eller anna form muskelplage. Færre vil også kunne få lettare plager med magen, og omtrent 1 % kan få leverskade.

Personar under 45 år er ikkje med i modellen frå FHI. Dei har så låg risiko for hjarteinfarkt og hjerneslag at vi ikkje tek dei med i utrekningane i denne oppgåva.

Korleis kan informasjonen ovanfor hjelpe deg med å vurdere om forskjellige menneske bør ta statinar for å forebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag?

Når du har nokre idear, kan du sjå om du er einig i desse utrekningane og vurderingane.

I dette eksempelet tek vi utgangspunkt i kvinner mellom 60 og 64 år som ikkje røykjer, og har eit sunt blodtrykk på 120 og kolesterolnivå på 7 eller mindre. Dersom 100 slike kvinner ikkje tek statinar, kan vi vente at 3 av dei får hjarteinfarkt eller hjerneslag i løpet av 10 år:

97 grønne og 3 røde smileys.

Avisoverskrifta seier at vi kan vente at dette talet vil bli redusert med 40 %. 40 % av 3 er 1,2, som vi kan runde ned til 1. Det vil seie at 2 av 100 kan vente å få hjarteinfarkt eller hjerneslag dersom alle brukar statinar kvar dag. Det vil igjen seie at 1 av dei 100 får god effekt, 2 av 100 får sykdommen likevel, og 97 av 100 får ingen nytte av legemiddelet:

98 grønne og 2 røde smileys.

Den absolutte risikoen er sannsynet for at nokon i befolkningsgruppa (friske ikkje-røykjande kvinner mellom 60 og 64 år) får hjarteinfarkt eller hjerneslag. Denne risikoen er 3 % for dei som ikkje tek statinar, og 2 % for dei som tek statinar.

Den relative risikoen beskriv forholdet mellom sannsynet for at dei som tek statinar, skal få hjarteinfarkt eller hjerneslag, og sannsynet for at dei som ikkje tek statinar, skal få det.

Kvifor trur du Blabladet valde å skrive om den relative risikoen framfor den absolutte risikoen?

No har du kanskje gjort utrekningar på ei gruppe menneske, og sett på eksempelet med friske kvinner mellom 60 og 64 år som ikkje røykjer.

Vil du anbefale friske kvinner mellom 60 og 64 år som ikkje røykjer, å ta statinar for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag? Kvifor/kvifor ikkje?

Er det nokre grupper i befolkninga som bør få råd om å ta statinar for å førebyggje hjarteinfarkt og hjerneslag meir enn andre grupper? Kvifor/kvifor ikkje? Kvar går grensa i så fall?

Starthjelp

  • Vurder utgangspunktet i befolkningsgruppa du ser på, for eksempel: 3 av 100 vil få hjarteinfarkt eller hjerneslag i løpet av dei neste 10 åra. Kva betyr det at denne risikoen blir redusert med 40 % når ein brukar statinar?
  • Absolutt risiko: Vi veit at absolutt risiko (sannsyn) for å få hjarteinfarkt eller hjerneslag i løpet av 10 år er 3 % for ei gruppe menneske, altså at 3 av 100 personar i denne gruppa vil få hjarteinfarkt eller hjerneslag i løpet av dei neste 10 åra. Korleis kan du finne absolutt risiko for personar i denne gruppa som tek statinar?
  • Relativ risiko: forholdet mellom sannsynet for at to ulike grupper i ei befolkning skal få hjarteinfarkt eller hjerneslag: \(\frac{\text{dei som tar statiner}}{\text{dei som ikkje tar statiner}}\)
     

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva oppfordrar elevane til å vere kritiske til tabloide overskrifter, gjennom refleksjon, diskusjon og utrekningar av absolutt og relativt sannsyn. Overskrifta i Blabladet og framstillinga om 40 % redusert risiko er kanskje ikkje feil, men er nok designa for å skape mest mogleg sjokkeffekt som framsidestoff.

Mogleg tilnærming

Begynn med å vise elevane framsida av Blabladet, og gi dei litt tid i mindre grupper til å diskutere kva denne overskrifta kan bety, og om dei saknar noko informasjon, før de diskuterer dei same spørsmåla i plenum.

Elevane kan nokså tidleg få tilgang til den nyttige informasjonen i boksen og diskutere spørsmåla som er knytte til det. Så kan dei gjere utrekningar og prøve å formulere ei anna overskrift (blir ho like iaugefallande?), og kanskje også ein ingress til nyheitssaka.

I den siste boksen er det gjort greie for absolutt og relativ risiko og kva skilnaden mellom dei er. Det kan vere verdt å bruke god tid for å klargjere skilnaden her: Korleis kan eit sannsyn som går frå 3 % til 2 %, vere ein reduksjon på 40 %? I og med at vi rundar av i eksempelet, vil ikkje reduksjonen vere nøyaktig 40 %, men 33,33 %. Dette kan også vere utgangspunktet for ein fin diskusjon om avrunding, og kva konsekvensar det kan få når vi arbeider med såpass små tal at ei avrunding på 0,2 er differansen mellom 40 % og 33,33 %.

Mogleg støtte

Oppgåva «Dristig diett» presenterer eit liknande problem. Ho har mindre «forstyrrande data», slik at det kan vere enklare å fokusere berre på skilnaden mellom relativ og absolutt risiko.

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10