Læreplankoblet

På vegen!

Problem

I denne oppgåva skal du vurdere risiko ut frå nokre grafar som viser statistikk om trafikkulykker på norske vegar. All statistikk i oppgåva er henta frå Statistisk sentralbyrå 5. desember 2022.

Før du les vidare, skal du tenkje litt over kor risikabelt det er å bevege seg i trafikken, som fotgjengar, syklist eller passasjer i bil. Kor sannsynleg er det at du vil bli involvert i ei trafikkulykke?

Diagrammet viser kor mange personar frå 0 til 19 år som var involverte i trafikkulykker med personskade i 2021.

Søylediagram som viser antall skadde eller drepte i 2021, delt inn i fire aldersintervaller.
  • Kva legg du merke til i diagrammet?
  • Kan du tenkje deg kvifor søylene har så ulik høgde?

 

I tabellen ser du kor mange personar det var i kvar aldersgruppe i 2021.
Korleis påverkar denne statistikken det du tenkjer om kor risikabelt det er å ferdast i trafikken?

  Gutter Jenter
0-5 år 176 875 166 889
6-15 år 328 704 312 379
16-17 år 65 055 61 788
18-19 år 64 649 61 451



Diagrammet nedanfor viser kor mange personar frå 0 til 19 år som var involverte i trafikkulykker i 2021, fordelte etter kjønn og skadegrad.

Søylediagram som viser antall skadde eller drepte i 2021, delt inn i fire aldersintervaller.
  • Korleis er søylene for jenter og gutar samanlikna med kvarandre?
  • Korleis er søylene for dei ulike aldersgruppene sammenlikna med kvarandre?
  • Kan du kome på nokre forklaringar på det du observerer?
     

Sektordiagrammet viser prosentvis fordeling av personar i alderen 0–19 år som var involverte i trafikkulykker i 2021, fordelte etter transportmiddel og skadegrad.

Sektordiagram som viser prosentvis fordeling av personer i alderen 0-19 år etter transportmiddel og skadegrad, som var involvert i trafikkulykker i 2021.
  • Kan du ut frå diagrammet seie noko om kva som er den mest og den minst trygge transportmåten for å unngå trafikkulykker?
  • Kva annan informasjon må du ha for at du skal kunne ta eit velinformert val om kva som er mest og minst trygt?
  • Er det andre faktorar som kan påverke kor risikable dei forskjellige transportmåtane er?

Starthjelp

  • Reiser alle saman på dei same vegane?
  • Er det like mange som brukar kvar av dei forskjellige transportmåtane?
  • Brukar alle saman like lang tid på vegen?
  • Reiser alle saman like langt?

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10