Læreplankoblet

Dristig diett?

Aktivitet

Framside av det fiktive tidsskriftet Blabladet. Hovedoverskriften er "20 % økt risiko for tarmkreft, i følge norsk juniorforsker."

Framsida av Blabladet er ikkje ekte, men dramatiske overskrifter med iaugefallande tal, som «20 % økt risiko for TARMKREFT», møter vi ofte.

I denne nyheitssaka står det at sannsynet for å utvikle tarmkreft aukar med 20 %, dersom ein et eit baconsmørbrød dagleg.

Bør vi bli bekymra av denne nyheita?
Kva slag annan informasjon kan vere nyttig for å vurdere kor bekymra vi bør bli?

Nyttig informasjon

Fem prosent, representert ved 95 grønne og 5 røde emojier.

Ei viktig opplysning er at rundt 5 % av alle som ikkje et baconsmørbrød, vil få tarmkreft i løpet av livet. Vi kallar det ein naturleg frekvens.

Korleis påverkar denne informasjonen korleis du ser på risikoen ved å ete eit baconsmørbrød dagleg?

Kva ville ha skjedd dersom alle desse 100 personane hadde ete eit baconsmørbrød dagleg?

Hjelper informasjonen deg med å vurdere risikoen ved å ete baconsmørbrød?

Blabladet melde at risikoen for å få tarmkreft i løpet av livet aukar med 20 % dersom ein et eit baconsmørbrød dagleg.

Kan du foreslå ein annan måte å beskrive den auka risikoen på?

Når du har eit forslag, kan du sjå på desse reknestykka og finne ut om dei samsvarar med dine.

Dersom 100 personar ikkje et baconsmørbrød, kan vi vente at 5 av dei får tarmkreft i løpet av livet.

Avisoverskrifta seier at vi kan vente at dette talet vil auke med 20 %. 20 % er det same som \(\frac15\), så vi kan vente at 1 ekstra person av dei 100 får tarmkreft i løpet av livet.

Seks prosent, representert ved 94 grønne og 6 røde emojier.

Den absolutte risikoen er sannsynet for at nokon i befolkninga får tarmkreft. Denne risikoen er 6 % for dei som et baconsmørbrød, og 5 % for dei som ikkje et baconsmørbrød.

Den relative risikoen beskriv forholdet mellom sannsynet for at dei som et baconsmørbrød, skal få tarmkreft, og sannsynet for at dei som ikkje et baconsmørbrød, skal få tarmkreft.

Kvifor trur du Blabladet valde å skrive om den relative risikoen i staden for den absolutte risikoen?

Starthjelp

  • Vurder utgangspunktet: 5 av 100 vil få tarmkreft i løpet av livet. Kva må vi auke med 20 % for å rekne ut risikoen for tarmkreft dersom ein et baconsmørbrød?
  • Absolutt risiko: Vi veit at absolutt risiko (sannsyn) for å få tarmkreft i løpet av livet er 5 %, altså at 5 av 100 personar vil få tarmkreft i løpet av livet. Korleis kan du finne absolutt risiko for personar som et baconsmørbrød?
  • Relativ risiko: Forholdet mellom sannsynet for at to grupper i ei befolkning skal få tarmkreft.  \(\frac{\text{Dei som et baconsmørbrød}}{\text{Dei som ikkje et baconsmørbrød}}\)
     

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva oppfordrar elevar til å vere kritiske til tabloide overskrifter, gjennom refleksjon, diskusjon og utrekningar av absolutt og relativt sannsyn. Overskrifta i Blabladet er ikkje feil, men ho er nok designa for å skape mest mogleg sjokkeffekt som framsidestoff.

Mogleg tilnærming

Begynn med å vise elevane framsida av Blabladet. Gi dei litt tid i mindre grupper til å diskutere kva denne overskrifta kan bety, og om det er noko informasjon dei saknar, før de diskuterer dei same spørsmåla i plenum.

Elevane kan deretter få tilgang til den nyttige informasjonen i boksen og diskutere spørsmåla som er knytte til den. Så kan dei gjere utrekningar og prøve å formulere ei anna overskrift (blir ho like iaugefallande?), og kanskje også ein ingress til nyheitssaka.

I den siste boksen er det ei beskriving av absolutt og relativ risiko og kva skilnaden mellom dei er. Bruk god tid på å klargjere skilnaden her: Korleis kan eit sannsyn som går frå 5 % til 6 %, vere ein auke på 20 %?

Mogleg utviding

Oppgåva «Statinar og risiko» ser på ein annan påstand frå Blabladet, og vurderer risiko på same måten. Her må elevane også hente data frå ein reell risikotabell, og vurdere risiko i forskjellige befolkningsgrupper.

Send inn elevsvar

Til enhver tid vil det være mulig å sende inn løsning på noen av oppgavene på Mattelist.

Elever står fritt til å sende inn egne løsninger, men vi vil også gjerne at lærere sender inn besvarelser fra klassen sin.

Løsningsforslag kan bli publisert på sidene. Det kan være stas for klassen, samtidig som at andre elever og lærere kan bli inspirert.


Her er en liten veiledning:

  • Vi ønsker en løsning, ikke kun et svar.
  • Skriv løsningen slik at andre kan forstå hvordan du har tenkt.
  • Send gjerne bilder av arbeidet ditt.
  • Bruk gjerne illustrasjoner, grafer, tabeller, tegninger eller andre ting som viser hvilke hjelpemidler du har brukt i løsningen.
Løsningsforslag kan bli publisert på sidene!

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10