Læreplankoblet

Kryptert tekst

Aktivitet

I alle språk er det slik at ein bruker nokre bokstavar meir enn andre.

Kva for bokstavar trur du er mest i bruk i det norske språket?

Trur du setninga under gir eit godt bilete av kor ofte dei forskjellige bokstavane blir nytta?

«Den raske raudreven hoppar over den late hunden.»

I den koda teksten nedanfor er kvar bokstav i den opphavlege meldinga bytt ut med ein annan bokstav. Finn ut kva for bokstavar som er mest (og minst) nytta i norsk, for å knekkje koden.

Vis kryptert tekst

Wc yscy håjaaw wc Tnbjh twhqåw hæc xwiiwg er ascvwi. Zsch hqhåwctsgc ksg ygdk dy jxdgcwb, bwc zsc wahåwi hæc kwcc xgs tnwc, dy yødgvw zks zsc åjccw xdg r xr zsb iæa r xqaw hwy kwaådbbwc. Iæa ajchø hwgkwgiw Ascvbjhs zkwiwhiæaåwg, gqiiwg dy wæåwcqiiwg, bwv wc hajbe åsavi kscc r vgæååw. Tnbjhs aqxiwi er hcjiwc vs zsc hr vwiiw braiævwi, dy hs:

«Øwy åsc æååw xdghir, åøpgw xwiiwg, zkdgvsc vj åsc zdavw ji bwv hr vrgaæy bsi, bwc hwakxqaywaæy åsc vj æååw xdgkwciw cdw twvgw er ascvwi. Ådb bwv bwy, hr håsa øwy kæhw vwy zkdgvsc bsc åsc awkw. Crg vj zsg kpgi æ tnwc wc jåw kæa vj ajgw er zkdgvsc vj cdwc yscy dgåwi wi aæk er ascvhtnyvs.»

Dy hdb hsyi hr yødgi: Vw id bjhwcw vgd skyrgvw bdi tnwc, dy crvvw hwci er åkwavwc zwghåsehzjhwi zkdg Tnbjhs tdvvw.

«Vj qchåwg kwa cdwc xdgxgæhåcæcywg wiiwg vwc ascyw gwæhwc», hs vwc zqxaæyw Tnbjhs, dy idå hæc kwcc æcc æ vwc hidgw heæhwhsawc. Vwg xsci vw gwhiwcw wiiwg wc hidg tscåwii.

Vwg ksg vwi hqihsåwg bwv ywaw, tsåwksgwg, vwæaæyw dhiwg, xsåiæhå bwhiwesgiwc sk vwc xgæhiwcvw bsiwc wc bjh åsc xdgwhiæaaw hwy. Dy hcsgi heæhiw vw id bjhwcw ywaw, åsåw dy sai hdb ksg ydvi. Vs zqgiw vw wc åsii bøsjw dy hågsew er vqgwc. Æ hidg xgnåi håncviw bjhwcw hwy iæa wi zøwbbwhiwv, zkdg vw ar hr hiæaaw si vw åcsei ijgvw ejhiw. Vs vw iæa hajii krywi hwy iæatsåw iæa braiævwi, recwi eajihwaæy vqgwc hwy, dy æcc ådb iøwcwgcw xdg r gwcyøqgw tdgvwi, xjayi sk zjhwih zjcv. Hr bjhwcw briiw ådbbw hwy cwv dy aqew tdgi.

 

«Xsgkwa, xwiiwg», hs Ascvbjhs.   

«Zks? Yrg vj hr hcsgi?» hs vwc scvgw.

«Øs», hksgiw zsc, dy håncviw hwy sk yrgvw.

 

Wi hæååwgi aæk æ xsiiæyvdb wg twvgw wcc wi jhæååwgi aæk æ gæåvdb.

Dersom du vil arbeide på ein datamaskin du når løyser oppgåva, kan du laste ned koden som ei tekstfil (bokmål). Ho inneheld ikkje linjeskift og kan brukast saman med kodeanalyseverktøyet. Du finn begge filene i lista over kopioriginalar.

Starthjelp

  • Med kodeanalyseverktøyet kan du lime inn tekst for å vise fordelinga av bokstavar i teksten (frekvensanalyse). Begynn med å finne ut kva for bokstavar som blir mest nytta i det norske språket. Det er lurt å velje lengre tekstar, sidan kortare tekstar kan ha ei unormal fordeling av bokstavar.
  • Du kan lime teksten inn i Word eller eit anna tekstbehandlingsprogram og bruke søk og erstatt-funksjonen. Endre frå liten til stor bokstav, slik at du ikkje endrar bokstavar som alt er endra. Då må du hugse å skru på funksjonen som gjer at programmet skil mellom stor og liten bokstav.
  • Heile teksten er koda slik at bokstavane er flytte like mange plassar utover i alfabetet. Eksempel: Dersom A er bytt med D, som er tre plassar utover i alfabetet, har B blitt bytt med E.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva tilbyr ei praktisk tilnærming til statistikk og kan takast i bruk med ein gong. Elevane kan nytte reknearket i oppgåva, slik at dei ikkje bruker unødvendig mykje tid på utrekningar.

Mogleg tilnærming

  • Kva for bokstavar trur de vi bruker mest i det norske språket?
  • Korleis kan de finne ut av det?

Gi elevane litt tid til å tenkje på spørsmåla før dei får dele svara sine. Dei kan ta ein titt i ei bok og få eit førsteinntrykk.

Dersom de har datamaskinar tilgjengeleg, kan du introdusere frekvensanalyseverktøyet, slik at elevane kan analysere forskjellige norske tekstar. Wikipedia-artiklar er godt eigna. Del resultata frå analysane som elevane har gjort. Får alle dei same resultata? Kvifor eller kvifor ikkje? Her kan det vere naturlig å ta ein diskusjon om fordelen med å bruke lengre tekstar.

Deretter kan du presentere den krypterte teksten i oppgåva. For å kunne bruke ein tekst i analyseverktøyet må han ikkje innehalde linjeskift. Du finn eit tekstdokument utan linjeskift under kopioriginalar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du finne vokalane?
  • Er det nokre korte ord? Kva kan dei vere?

Mogleg utviding

Elevane kan undersøkje frekvensen av bokstavpar i det norske språket, og vurdere om det kan vere til hjelp i dekrypteringa.

Mogleg støtte

Elevane kan gjerne samarbeide om oppgåva. Det er mange gode hint under «Starthjelp».

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10