Læreplankoblet

Stryk ut tal

Aktivitet

Eit spel for to spelarar

Bruk ei tallinje frå 0 til 20:

Thumbnail

Den første spelaren begynner med å velje to tal som han set strek over. Deretter lagar han ein sirkel rundt anten summen av eller differansen mellom dei to tala. Eksempel:

Thumbnail

3 + 8 = 11

Spelar nummer 2 må no begynne med det talet som spelar nummer 1 har sirkla inn, og setje ein strek over det. Han må deretter velje eit tal til og setje strek over det også, og så lage ein sirkel rundt summen av eller differansen mellom dei to tala. Eksempel:

Thumbnail

3 + 8 = 11

11 + 9 = 20

Spelet held fram på denne måten med at kvart trekk må ta utgangspunkt i det talet som den førre spelaren har sirkla inn. Spelar nummer 1 kan no velje for eksempel desse trekka:

Thumbnail

Då har vi:

3 + 8 = 11

11 + 9 = 20

20 – 4 = 16

Vinnaren av spelet er den spelaren som klarer å hindre motspelaren i å gjere fleire trekk.

Starthjelp

  • Det kan vere ein god idé å prøve spelet fleire gonger for å kjenne litt på det.
  • Det kan også vere lurt å ta vare på tallinjene som de bruker kvar gong, og samanlikne dei med kvarandre. Er det nokre tal som de ikkje har kryssa av i nokre av rundane? Er det mogleg å bruke desse tala?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Dette er ein aktivitet som engasjerer elevane og gjer at dei kan øve seg på addisjon og subtraksjon. Elevane kan begynne med enkle tal (låg inngangsterskel), og dermed oppleve meistring som gir dei motivasjon til å spele vidare. Oppgåva oppfordrar samtidig til kreativitet og refleksjon rundt bruk av strategiar, og har stor takhøgde for sofistikert matematisk tenking.

Aktiviteten kan brukast til både samarbeid og konkurranse. Samarbeid kan for eksempel gå ut på å arbeide saman to og to for å stryke ut flest mogleg tal, eller det kan vere ein konkurranse mellom klassen og læraren. I dei tilfella når aktiviteten blir brukt som ein konkurranse mellom enkeltelevar, kan vere lurt å tenkje over samansetjinga av spelarane, slik at alle kan oppleve meistring.

Mogleg tilnærming

Du kan gå gjennom eitt og eitt trekk i denne powerpoint-presentasjonen,og be elevane følgje nøye med. Deretter kan dei diskutere kva dei trur reglane er, med ein medelev. Etter det første trekket kan du ta imot nokre forslag, men ikkje sei noko om dei er rette eller ikkje. Hald fram til neste trekk, og la elevane få tid til å diskutere igjen. Repeter ein gong til, og diskuter deretter reglane i plenum, slik at alle forstår dei.

Gi elevane tid til å spele fleire rundar, slik at dei får kjenne litt på dei. Du kan skrive ut tallinjer her.

Du kan be elevane om å dele strategiane sine, og spørje om dei trur det er mogleg å setje strek over alle tala i ein runde. Gi dei tid til å samarbeide og diskutere før du tek ein ny runde i plenum. Nokre elevar vil sjå at det er umogleg å stryke ut 0. Be dei forklare kvifor.

Elevane kan deretter undersøkje om det er mogleg å stryke ut alle tala dersom tallinja går frå 1 til 30 i staden. Mange vil kunne resonnere seg fram til at det ikkje er mogleg, ettersom talet er eit partal. Det kan vere interessant å sjå etter den lengste moglege rekkja med trekk, og elevane kan oppfordrast til å undersøkje kvifor dei går tom for moglegheiter.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Har du funne ein måte å slå motspelaren din på?
  • Kan du stryke ut alle tala i ein runde? Forklar kvifor eller kvifor ikkje.
  • Kva er det største antalet tal som kan strykast ut?

Mogleg utviding

Elevane kan oppfordrast til å stille «kva om»-spørsmål, for eksempel:

  • Kva om det går an å bruke gonging og deling?
  • Kva om vi bruker ei lengre tallinje?
  • Kva ville skjedd om vi inkluderte desimaltal på tallinja?
  • Kva om tallinja gjekk forbi null til negative tal?

Mogleg støtte

For nokre elevar kan ei kortare tallinje opp til 10 vere nyttig. Då kan dei arbeide med mange av dei same ideane og strategiane, men med mindre tal.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9