Læreplankoblet

Slå på lysa!

Aktivitet

Her ser du ei maskin med fire lys i ulike fargar. Kvart lys slår seg på etter ein gitt regel.

Når du skriv inn eit tal, slår lysa seg på viss regelen deira gjeld. Viss talet tilfredsstiller meir enn éin regel, vil meir enn eitt lys slå seg på.

Skriv inn nokre tal, og sjå kva lys du får slått på.

Kva er det minste talet som slår på alle lysa?

Når du har avslørt reglane for kva tal som slår på dei ulike lysa, kan du lage eit program (til dømes i Python) som bereknar kva tal som slår på lysa. Du kan til dømes lage eit program som:

  • bereknar dei n første tala som slår på grønt, blått, raudt eller gult lys - eller ein kombinasjon av desse.
  • skriv ut dei n første tala som slår på alle lysa.
  • lèt brukaren av programmet angi kva kombinasjonar av lys og/eller kor mange tal hen vil skrive ut.

 

Starthjelp

  • Korleis vil du halde oversikt over kva lys som slår seg på for kvart tal?
  • Kanskje kan dette hundrekartet vere nyttig?

 

Løysing

36 er det minste talet som slår på alle lysa.

Partal slår på det grøne lyset.

Tal som sluttar på 6 eller 1, slår på det raude lyset.

Kvadrattal slår på det blå lyset.

Trekanttal slår på det gule lyset.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva gir elevane høve til å få oversikt over informasjon på ein systematisk måte, og fungerer som ei vitskapleg undersøking. Oppgåva gir også ein motiverande kontekst der elevane kan bruke og utvikle kunnskapane sine om eigenskapane til tala.

Mogleg tilnærming

Elevane må ha tilgang til ei datamaskin, og dei kan gjerne jobbe parvis.

Vis fram aktiviteten til heile klassen, og vis korleis ein kan setje inn ulike tal. Pass på at alle får med seg at meir enn eitt lys kan slå seg på om gongen, og at kvart lys følgjer ein enkel regel. Elevane kan så få jobbe saman, og utfordringa er å få alle lysa til å slå seg på samtidig.

Framhev at det ofte er slik forskarar jobbar – dei veit ikkje kva som er rett svar, men dei kan teste ut ulike hypotesar.

Medan klassen jobbar, kan du gå rundt og merke deg ulike måtar elevane noterer på. Du kan trekkje fram dei mest systematiske tilnærmingane, og diskutere fordelane ved dei med resten av klassen.

Samle klassen i plenum mot slutten av økta, og la elevane få dele det dei har gjort. I tillegg til å dele svara sine er det viktig at elevane forklarer korleis dei jobba med oppgåva.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva tal har du prøvd? Kva skjedde?

  • Kva tal kan det vere ein god idé å prøve no? Kvifor?

  • Korleis hugsar du på kva tal som slår på kvart av lysa?

Mogleg utviding

Kan elevane uttrykkje reglane matematisk ved hjelp av formlar?

Elevane kan også bli utfordra til å lage ulike dataprogram som tek utgangspunkt i reglane i "Slå på lysa!":

  • Program som skriv ut dei n første tala som skrur på grønt, blått, raudt eller gult lys - eller ein kombinasjon av desse.

  • Program som skriv ut dei n første tala som skrur på alle lysa.

  • Leggje til interaktivitet: lèt brukaren av programmet angi kva kombinasjonar av lys og/eller kor mange tal hen vil skrive ut.

Elevane kan også prøve seg på denne: Anne-Maris fantastiske maskin

Mogleg støtte

Nokre elevar kan ha nytte av å bruke hundrekartet for å notere funna sine der, du kan skrive det ut her.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9