Læreplankoblet

Tala på tallinja

Aktivitet

Kva legg du merke til ved denne tallinja?

Kva slags spørsmål kan du stille?

Thumbnail

Klikk under for å sjå nokre spørsmål som du kan tenkje over.

Vis/skjul

Kva for eit tal ville vore der prikken er? Korleis veit du det?

Thumbnail

Kvar ville 0 vore på linja?

Ofte er det slik at dersom matematikarar sit fast, prøver dei seg på eit eksempel med mindre tal.

Klikk under for å sjå eit anna eksempel.

Vis/skjul

Sjå på tallinja under.

Thumbnail

 

Kan du finne ut kva dei andre tala på tallinja er?

Kva for strategiar brukte du?

Under ser du ei interaktiv tallinje. Kan du finne ut kva tal som skal stå der prikken er? Når du trur du veit svaret, kan du kontrollere løysinga di ved å trykkje på knappen «Vis svaret».

Utforsk ulike tallinjer på forskjellige nivå. Tenk over kva for strategiar du kan bruke dersom du sit fast på dei vanskelegare nivåa. Du kan også bruke Kopiorginalen til å lage eigne utfordringar. Kva er det som gjer at ei tallinje blir lettare eller vanskelegare å finne ut av?

Starthjelp

Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg dersom du sit fast:

  • Kan du finne verdien av eit kva som helst punkt på tallinja?
  • Kan du finne ut (omtrent) kvar 0 skal vere? Har du nokre strategiar som fungerer på nivå 1?
  • Kan du tilpasse strategien til høgare nivå?

Løysing

På den første tallinja står prikken ved 13.

Det er fem like lange stykke mellom 9 og 29 på tallinja, men det finst 20 tal mellom 9 og 29. 20 delt på 5 gir 4. 9 + 4 = 13.

På same måten kan du rekne deg fram til at 0 ligg mellom det femte og det sjette merket på tallinja.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Det å undersøkje noko kjent i ein utfordrande kontekst kan gjere mange elevar nysgjerrige. Tallinjer blir mykje nytta for å utvikle talforståing hos barn, og seinare i samband med aksane på grafar. I denne aktiviteten får elevane høve til å utforske tallinjer på ein meir utfordrande måte enn vanleg.

Aktiviteten gir også øving i strategiar som kan vere nyttige når ein sit fast. Elevane kan velje kva for eit nivå dei vil arbeide på, og aktiviteten demonstrerer på ein fin måte at det ofte kan løne seg å prøve å løyse ein enklare versjon av oppgåva før ein prøver seg på meir utfordrande versjonar.

Mogleg tilnærming

Vis elevane denne figuren:

Thumbnail

 

Be elevane sjå nøye på tallinja. Kva legg dei merke til? Gi dei litt tid til å sjå på figuren kvar for seg før dei diskuterer det dei har sett, med ein medelev.

Spør om dei kan finne ut av verdien til nokre av merka på linja. Korleis veit dei kva som skal stå der?

Dersom elevane har tilgang til datamaskinar, kan dette vere eit godt tidspunkt å introdusere dei for den interaktive tallinja, som har oppgåver på fem nivå. Saman med ein partnar skal dei undersøkje forskjellige eksempel. Spør om dei kan finne ein strategi som fungerer på alle nivåa. Medan elevane arbeider, kan du gå rundt og sjå etter ulike strategiar og idear. Når dei fleste har klart nokre eksempel, samlar du klassen i plenum og let dei dele tankar og framgangsmåtar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du finne verdien til kva som helst punkt på tallinja?
  • Kan du finne ut (omtrent) kvar 0 skal vere? Korleis veit du det?
  • Brukte du den same strategien heile vegen?
  • Kan du finne ein strategi som du kan bruke på kva som helst eksempel?
  • Kva er det som gjer nokre av eksempla vanskelegare enn andre?
  • Kva er det som gjer nokre av eksempla lettare enn andre?

Mulig utvidelse

Elevane kan lage eigne utfordringar til kvarandre på dette arket: Kopioriginal

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9