Temperaturløypa
Aktivitet
Til denne aktiviteten treng du 5- 7 skåler, vatn og moglegheit for å kjøle ned og varme opp vatn. Sett fram skåler med vatn i ulike temperaturar framfor barna. Ha gjerne isbitar i det kaldaste vatnet. La barna få kjenne på vatnet og bruk omgrep som varmare og kaldare aktivt. Still spørsmål som:
- Er dette vatnet kaldare eller varmare enn ...
- Korleis kan vi finne ut om vatnet er varmt eller kaldt?
- Kva skjer med temperaturen på vatnet viss vi ventar ei stund?
- Kvifor er det kaldt?
- Er det noko anna som er varmt?
Når barna har fått kjenne på vatnet ei stund kan de saman sortere vatnet i rekkjefølgje frå det kaldaste til det varmaste. For å setje sorteringa inn i ein kontekst kan de til dømes plassere eit bilete av ei sol heilt til venstre. Vatnet som er nærast sola er det varmaste og så blir det kaldare og kaldare jo lenger vatna er frå sola. De kan også knyte dette til verdsrommet og planetar. Planeten nærast sola er svært varm, og så bli dei kaldare og kaldare jo lengre ut i verdsrommet vi kjem.
Rekkjefølgja på planetane etter sola er som følgjer: Merkur, Venus, jorda, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun.
Lærarrettleiing
Korleis arbeide med denne aktiviteten?
I denne aktiviteten får barna fleire kroppslege erfaringar med temperatur. Dei møter omgrep som varm, kald, varmare, kaldare, neste, førre, mellom. Barna får også vere med å sortere vatn frå kaldast til varmast og erfarer dermed korleis storleikar kan ordnast i rekkjefølgje.
Rammeplanmål
Fagområdet handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar og hjelper barna til å forstå samanhengar i naturen, samfunnet og universet.
Gjennom arbeid med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna erfarer storleikar i omgivnadene sine og samanliknar desse.
Send inn elevsvar
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret