Varmluftsballongen

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Fargerik varmluftsballong

Kor mykje luft er det i varmluftsballongen?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva slags form har ballongen?
  • Kor stor kan ballongen vere?
  • Kor stor kan mannen vere?

Skriv gjerne ut bilete av varmluftsballongen til alle gruppene (vedlegg).

 

Henta frå Herget, W. (2000). Ein Bild sagt mehr als 1000 Worte. https://disk.mathematik.uni-halle.de/lehrerseite/bild_1000_worte.pdf

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10