Den lengste og djupaste tunnelen i verda
Aktivitet
I Rogaland byggjer dei verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel. Prosjektet heiter «E39 Rogfast» og går mellom Randaberg og Bokn.
Kor mykje massar må utbyggjarane fjerne for å lage tunnelen?
Starthjelp
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
Del ut vedlegget med oversiktsteikning frå Statens vegvesen.
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kva slags form har ein tunnel?
- Kor lang er tunnelen?
- Kor stort er tverrsnittet til tunnelen?
- Kva svarer massane til i lastebillass eller liknande?
- Kan GeoGebra vere til hjelp?
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret