Skulegarden

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kommunen har bestemt at skulen din skal få nytt uteområde. Bruk https://kartiskolen.no/ og finn kart over skulen din.

Lag eit forslag til korleis eit nytt uteområde kan sjå ut.

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Korleis er tilkomst til bygningar og til nærområdet?
  • Kor stor plass (areal) treng dei ulike aktivitetane?
  • Kva aktivitetar bør ikkje plasserast ved sida av kvarandre?
  • Skal det plantast tre eller buskar?

Ide henta frå Minnie Liu (2019), Students’ Mathematical Modelling Behaviors: Strategies and Competencies.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9