Grønsakshage

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Ein familie ønskjer å bli meir sjølvforsynte, og skal lage ein grønsakshage.
 

Kart over eiendom

Lag eit forslag til korleis familien kan utnytte hagen sin, slik at dei kan hauste mest mogleg grønsaker.

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mange personar er det i familien?
  • Kva grønsaker skal dei dyrke? Kva kan dei lagera?
  • Viss familien sår éi potet. Kor mange kan dei forvente å hauste?
  • Kor stort areal treng dei til dei ulike grønsakene?
  • Bruk kopioriginal eller ta utgangspunkt i ein annan eigedom.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10