Fyr langs kysten

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Fyr er plassert langs kysten for å hjelpe til med navigering til sjøs.

De er på sjøen.
Frå kor langt unna kan de sjå eit fyr?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis kan de forenkle oppgåva?
  • Kan de lage ei teikning?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

Mogleg utviding

Kan de lage eit generelt uttrykk som gjeld for alle fyr?

 

Idé henta frå Blum, W. & Borromeo Ferri, R. (2009). Mathematical modelling: Can it be taught and learnt? Journal of Mathematical Modelling and Application, 1(1), 45–58.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10