Forbruk av tørkepapir

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor mykje tørkepapir bruker elevane på skulen din i løpet av ei veke?


For 1.-3. trinn:

Kor mykje tørkepapir bruker alle elevane i klassen din i løpet av ein dag?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor mange gonger tørkar du hendene i løpet av ein dag?
  • Kor mykje tørkepapir bruker du kvar gong du tørkar hendene?
  • Kor mykje bruker klassen? Kan dette brukast for å finne ut kor mykje dei andre klassane bruker?

Mogleg utviding

Samanlikn gjerne forbruket med noko som er kjent for elevane, som storleik på fulle pappesker, knytte det til ein storleik dei kan sjå for seg.

Kor mykje kostar tørkepapiret for skulen? Kor mykje er det å spare viss elevane greier å redusere forbruket?

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9,10