Elevar i klasserommet

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor mange elevar er det plass til i klasserommet?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor stor plass treng éin elev?
  • Skal kvar elev ha eigen pult?
  • Kor stort er klasserommet?
  • Kan elevar stablast oppå kvarandre?

Mogleg utviding

Eldre elevar kan ta utgangspunkt i eit større bygg i nærområdet som ein fotballarena, idrettshall etc. Då kan oppgåva handle om kor mange ballar (eller noko anna) som kan få plass.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9