Skjermtid

Stikkord: Modellering

Aktivitet

På Helsedirektoratet.no står følgjande:

"Barn og unge 6–17 år bør begrense tiden i ro, særlig passiv skjermtid på fritiden."

Les meir på Helsedirektoratet sin nettside.

Lag ein vekeplan for deg sjølv som viser kor mykje tid du skal bruke på å vere i rørsle og kor mykje passiv skjermtid du kan ha.

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva betyr passiv skjermtid?

  • Kva slags aktivitetar bruker du for å halde deg i rørsle?

  • Kor mykje bør du vere i fysisk aktivitet kvar dag

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8,9