Skjell

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Inga samlar på skjel. Ho er på stranda og plukkar mange flotte skjel. Når ho kjem heim, veg ho alle skjela. Vekta viser 1,5 kg.

Kor mange skjel kan Inga ha plukka?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Trur de alle skjel har like stor masse (veg like mykje)?

Endre gjerne konteksten til noko anna som passar elevane dine.

 

Ide henta frå Katja Maass "What are modelling competencies?" i ZDM 2006 Vol. 38, 125.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

8