Læreplankoblet

Økonomiske råd

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Maja bur i Oslo og går siste året på vidaregåande skule. Til hausten skal ho studere.
Ho har lyst til å søkje på 5-årig lærarutdanning på desse studiestadene:

  • NTNU, Trondheim
  • Universitetet i Bergen
  • Nord universitet, Bodø

Ho synest at alle utdanningane og stadene verkar spennande, men treng di hjelp til å vurdere det økonomiske aspektet. Ho vil bu på hybel i nærleiken av studiestaden.

Kva studiestad vil du tilrå Maja å velje?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Hvilke utgifter vil Maja få?

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kor store kan utgiftene vere?
  • Nødvendig informasjon kan vere semesteravgift, studielån, stipend, leige av hybel, transport i kvardagen, heimreise etc.

 

Oppgåva er henta frå Rita Borromeo Ferri i «Learning How to Teach Mathematical Modeling in School and Teacher Education», 2018, 48.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

10