Lakkere trekkvogn

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Bilde av et Volvo trekkvogn med tilhenger. Førerhuset er gult.

De skal lakkere førarhuset til ein Volvo.

Kor mykje lakk treng de?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva form har førarhuset?
  • Kva delar skal ikkje lakkerast?
  • Kor stor overflate dekkjer 1 L lakk?
  • Kor mange lag med lakk trengst?

Mogleg utviding

  • Alternativt lakkere tilhengjaren.

 

Ideen er henta frå Katja Maass "What are modelling competencies?" i ZDM 2006 Vol. 38 (2), 122.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10