Læreplankoblet

Tanitas alder

Stikkord: Tallforståelse

Problem

Dei to siffera i Tanitas alder byter plass, og 1 blir lagt til det talet vi får då. Dette talet er halvparten av Tanitas alder i dag.

Kor gammal er Tanita?

 

Løysing

Når det nye talet vi får (ved å byte siffera i Tanitas alder og leggje til 1) blir dobla, får vi alderen hennar. Det betyr at alderen hennar må vere eit partal. Det nye talet må dessutan vere mindre enn 50, sidan vi skal få eit tosifra tal når vi doblar det.

Det betyr at det første sifferet i talet vi får når vi byter om på siffera, kan vere 1, 2, 3 eller 4. Men sidan det same sifferet blir siste siffer i partalet som er Tanitas alder, er det berre 2 eller 4 som er mogleg å bruke.

Då står vi igjen med alle tala frå 21 til 29 og frå 41 til 48. Vi skal leggje 1 til eitt av desse tala, og så doble for å finne Tanitas alder.

Det einaste talet som passar som Tanitas alder, er 52.

Viss vi byter om på siffera i 52, får vi 25.
25 + 1 = 26
26 • 2 = 52
Tanita er 52 år.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9,10