Kor mykje kostar eg?

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor mykje har ein ungdom kosta sine føresette det siste året?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Mat og drikke.
  • Klær og sko.
  • Personleg pleie.
  • Ferie og fritid.
  • Transport.

Oppgåva er omsett frå Thomas Højgaard, "The Essential Difference Between Mathematical Modeling and Problem Solving", i Richard Lesh et.al. (2010) "Modeling Students’ Mathematical Modeling Competencies", ICTMA 13, 263.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

9,10