Forbikøyring

Stikkord: Modellering

Aktivitet

Kor langt fram må du ha fri sikt for at du skal kunne gjennomføre ei sikker forbikøyring?

 

Starthjelp

Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering

Mogleg tilnærming

I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.

Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.

Mogleg støtte

La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.

  • Kva for ein tillaten fart har strekninga?
  • Kor fort køyrar det køyretøyet som du skal køyre forbi?

 

Ide henta frå Adolf J.I. Riede, «Modeling the Sensorial Perception in the Classroom», i Richard Lesh et.al. (2010) «Modeling Students’ Mathematical Modeling Competencies», ICTMA 13, 263.

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

10