Læreplankoblet

Skattejakt

Stikkord: Koordinater Strategi

Aktivitet

Kan du finne den skjulte skatten?

Skatten er gøymd ein stad på denne stranda, der linjene i koordinatsystemet kryssar kvarandre. Spelet har tre nivå. Dette vindauget viser spelet på nivå 1 (enklast), og du trykkjer på det grøne flagget for å starte.

Set inn koordinatar som kan føre deg til skatten på færrast mogleg forsøk.

Interaktiviteten gir den kortaste avstanden du må bevege deg (langs rutenettet) for å nå skatten.

Kan du finne ein god strategi for å velje koordinatar som vil føre deg til skatten på så få forsøk som mogleg?

Nivå 2

Nivå 3

Nivå 3 av spelet gir ei interessant utfordring. Søkeområdet er begrensa til det rosa området, men skatten kan vere kor som helst i koordinatsystemet. Du får berre eitt "endeleg svar"-forsøk utanfor det rosa området for å finne skatten.

 

Starthjelp

Prøv å finne ut kva som kan vere gode stader å begynne på første forsøk.

Etter at du har fått «svar» på første forsøk, skal du identifisere alle moglege stader der skatten kan vere.

Prøv igjen og bruk informasjonen frå begge forsøka for å sjå om du finn overlappande punkt.

Fortset på same måten.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gjer det mogleg for elevane å arbeide med forståing av koordinatar, samtidig som dei må resonnere og tenkje strategisk.

Mogleg tilnærming

Vis oppgåva på nivå 1 til klassen.

Gi elevane 10 minuttar til å arbeide med oppgåva i par, anten ved å bruke interaktiviteten eller ved å bruke rutenett på papir (sjå kopioriginalen). Då kan dei byte på å bestemme kvar skatten er gøymd, og å oppgi avstanden til skatten etter kvart forsøk.

Elevane må halde oversikt over antalet forsøk, og den som klarer å finne skatten på færrast forsøk, vinn.

Be klassen om å dele nyttige strategiar og idear. Elevane bør vurdere alle punkta som tilfredsstiller oppgitte avstandar, og sjå på forma som desse punkta dannar.

Understrek at målet er å finne skatten på færrast mogleg forsøk. (På nivå 1 og 2 vil det alltid vere mogleg på mindre enn fire forsøk.)

La elevane arbeide vidare i par og vurdere og diskutere ulike strategiar.

Dersom dei kjenner til koordinatar i alle dei fire kvadrantane, kan nivå 2 av spelet passe svært godt som ekstra øving. Dei kan gjerne arbeide på papir.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva for punkt oppfyller kriteria som har kome fram til no?
  • Korleis kan du snevre inn moglegheitene?

Mogleg utviding

Nivå 3 av spelet gir ei interessant utfordring. Søkjeområdet er avgrensa til det rosa området, men skatten kan vere kvar som helst i koordinatsystemet. Elevane kan få eitt «endeleg svar»-forsøk utanfor det rosa området for å finne skatten. På nivå 3 vil det alltid vere mogleg å finne skatten på mindre enn fem forsøk.

Mogleg støtte

Elevane kan oppfordrast til å bruke blyant og papir, og til å fargekode moglege punkt etter kvart forsøk, så dei kjem tydeleg fram.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9