Læreplankoblet

Korleis er vêret?

Aktivitet

Sekundære data er data som alt er samla inn, slik at du slepp å samle dei sjølv. Vêrdata er lett tilgjengelege, og dei gjer det mogleg å utforske mange interessante spørsmål og å gjere samanlikningar over tid og mellom stader.

I lista over kopioriginalar finn du eit rekneark med vêrdata for Hammerfest, Hamar og Arendal.

Kva for spørsmål eller hypotesar kan du finne på som desse dataa kan hjelpe deg med å svare på?

Kva for analysar må du gjere for å teste hypotesane dine?

Norgeskart med fokus på Hammerfest, Hamar og Arendal.

Du kan samanlikne data frå dei tre vêrstasjonane.

Du kan samanlikne ulike månader av året eller årstider.

Du kan sjå etter trendar over tid. Korleis har temperaturen og nedbørmengda endra seg med åra?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten inneheld data frå vêrstasjonane i Hammerfest, Hamar og Arendal. Data kan brukast til statistikkprosjekt som krev bruk av rekneark. Datasetta passar godt til å teste hypotesar som gjer samanlikningar over tid eller mellom stader.

Aktiviteten kan også brukast tverrfagleg, for eksempel i naturfag og samfunnsfag.

Mogleg tilnærming

Elevane må ha tilgang til reknearket med data henta frå yr.no. Dei bør også kjenne litt til Excel eller eit liknande reknearkprogram.

Presentasjonen som du finn i lista over kopioriginalar viser databehandlingssyklusen, og inneheld eit forslag til korleis ein kan gå fram i arbeidet med denne aktiviteten, og korleis ein kan presentere aktiviteten for elevane.

Mogleg utviding

Her kan elevane gjere eit tverrfagleg arbeid, mellom anna i naturfag og samfunnsfag. Dei kan for eksempel bruke internett og undersøkje vêret på stader med same breiddegrad og lengdegrad som Hammerfest, Hamar og/eller Arendal, eller diskutere ulike grunnar for resultata dei finn.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9,10