Læreplankoblet

Fem hopp til femti

Aktivitet

Denne aktiviteten handlar om å telje vidare med steg/hopp på 1, 10 og 100.

Kast ein terning to gonger for å bestemme starttalet ditt. Det første talet du får, blir talet på tiarplassen, og det andre blir talet på einarplassen. Så skal du gjere fem hopp for å kome så nær 50 som mogleg. Du kan hoppe framover eller bakover, og hoppa kan vere på 1, 10 eller 100.

Samanlikn strategien din med strategien til ein annan elev.

- Hoppa du framover eller bakover?

- Kan du lande akkurat på 50?

- Kor langt frå 50 var du?

- Kunne du gjort det på ein annan måte?

- Kunne du ha kome endå nærare?

- Kva for tal kan få deg til 50?

- Kva for tal kan ikkje få deg til 50?

Kast terningen igjen, og prøv ein gong til!

 

Eksempel:

Eg kastar terningen og får ein toar og så ein trear. Starttalet mitt blir då 23. Eg gjer desse hoppa for å kome så nær 50 som mogleg:

Starttalet er altså 23.

Hopp 1 er +10, då kjem eg til 33.

Hopp 2 er +10, då kjem eg til 43.

Hopp 3 er +10, då kjem eg til 53.

Hopp 4 er –1, då kjem eg til 52.

Hopp 5 er –1, då kjem eg til 51.

tallinje 0-100 med en blå strek som indikerer hoppene

 

Starthjelp

Kast terningen for å lage starttalet ditt.

Finn ut om du må gjere nokre hopp på 10 for å kome nær 50.

Gjer så nokre hopp på 1.

Hugs at du kan hoppe både framover og bakover!

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten skal elevane øve på å telje med einarar og tiarar (og seinare hundrarar). Dei skal også finne ut kor langt frå 50 dei endar, så dei får øving i å finne differansen mellom to tal. Aktiviteten oppfordrar elevane til å finne meir enn éi løysing.

Mogleg tilnærming

Det kan vere ein god idé å begynne timen med å øve på å telje vidare og bakover med einarar og tiarar. De kan også først telje med tiarar og så byte til å telje med einarar. Du kan minne elevane på korleis dei kan bruke eit hundrekart eller ei tallinje for å støtte teljinga.

Ein måte å begynne aktiviteten på er å bruke den same ideen, men eit anna måltal. Du kan velje 40 som måltal, bruke ein terning for å lage eit starttal, og så gi elevane fem hopp for å kome så nær som mogleg. Elevane kan arbeide i par.

Samanlikn ulike strategiar i klassen. Det kan inkludere ulike måtar å halde orden på hoppa på, i tillegg til ulike hopp. Diskusjonen etterpå kan så fokusere på kva for ein serie med hopp som kom nærast 40. Elevane treng kanskje å bli minte på at dei av og til må gå over måltalet og så tilbake igjen. Korleis veit dei at dei er nærare 40? Minn klassen på å finne differansen mellom tala.

Når elevane går vidare til hovudoppgåva, kan dei utforske ulike måtar å bevege seg på frå det same starttalet, eller dei kan lage sitt eige starttal. Oppfordre elevane til å diskutere ulike tilnærmingar. Klassen kan også prøve alle tosifra tal og lage ei oversikt over kva for tal ein kan og ikkje kan treffe 50 med.

Somme elevar kan også utvide aktiviteten, sjå under.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva er differansen mellom tala?
  • Har andre par med tal same differansen?
  • Kan du sjå eit mønster?

Mogleg utviding

Utviding 1:

Lag eit tresifra starttal, og kom så nær du kan måltalet 500. Du kan hoppe framover eller bakover, og hoppa kan vere på 1, 10 eller 100. Kva for tal kan få deg til målet med fem hopp? Kva for tal kan ikkje det?

Utviding 2:

Lag ditt eige måltal. Du kan arbeide med to- eller tresifra tal. Kva for tal vil det vere enklast å nå? Kva for tal vil det vere vanskelegast å nå?

Mogleg støtte

Eit hundrekart eller ei tallinje kan vere nyttige hjelpemiddel for somme elevar.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8