To terningar
Aktivitet
Her er to terningar. Dersom du legg saman prikkane på toppen, får du 7.
Finn to terningar og kast dei. Legg saman tala på toppen.
Kva for andre summar kan du få dersom du kastar terningane igjen?
Starthjelp
Dersom ein terning viser 6, kva kan den andre terningen vise?
Kva for summar vil dei gi?
Kva kan den andre terningen vise dersom den eine viser 5? Eller 4?
Korleis veit du at du har funne alle summane?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne aktiviteten gir yngre barn verdifulle erfaringar med å utforske enkel addisjon, samtidig som dei finn alle moglege løysingar.
For å kunne gjere aktiviteten må barna kaste to terningar og identifisere kva terningane viser.
Mogleg tilnærming
Bruk ein terning med prikkar på. Diskuter kva tal terningen viser, før du introduserer sjølve oppgåva.
Du kan støtte barna ved å samle summane deira på tavla. Spør korleis summane skal arrangerast, og sjå om dei kan foreslå ein systematisk måte å halde orden på resultata på. For eksempel kan dei begynne med alle summane der 1 inngår. Du kan be gruppa om å snakke om mønstera dei legg merke til. Det vil hjelpe dei med å finne kombinasjonar som manglar.
Gode rettleiingsspørsmål
Desse spørsmåla er formulerte slik at dei hjelper deg med å identifisere forkunnskapane til barna om talomgrep, strategiar og den matematiske tenkinga som krevst for å løyse oppgåva.
- Kan du lage ein større eller mindre sum?
- Kva er den største summen du kan lage?
- Kva er den minste summen du kan lage?
- Dersom ein terning viser 6, kva kan den andre terningen vise?
- Korleis kan du vite at du har funne alle summane?
Mogleg utviding
De kan bruke fleire terningar eller andre typar terningar, for eksempel 0–9-terningar. Alternativt kan de finne differansen mellom dei to tala eller produktet av dei.
Mogleg støtte
Barn som strevar med addisjon, kan telje prikkane, men oppfordre dei til å seie talsetninga når dei har talt. Då vil dei kunne visualisere tala som prikkete mønster, og det kan hjelpe dei i vidare arbeid med addisjon.
Ressursen er utviklet av NRICH