Læreplankoblet

Pensjonist i paradis

Aktivitet

Kristian håpar han kan gå av med pensjon snart. Når han gjer det, vil han å flytte bort frå alt, til eit land der han kan ha mykje plass for seg sjølv, eit land som ikkje verkar overbefolka.

Amalie har andre planer for pensjonisttilværet sitt. Ho vil bu ein stad med mykje aktivitet, der ho kan få mange nye venner.

Tabellen under viser folketalet i åtte land som Kristian og Amalie kan flytte til.

Ut frå desse dataa, kva råd vil du gi Kristian og Amalie om kvar dei bør busetje seg?

Land Folketal
A 1 366 718 000
B 158 571 000
C 138 740 000
D 61 017 000
E 21 767 000
F 21 284 000
G 4 692 000
H 3 536 000

«Men desse dataa seier berre noko om kor mange menneske som bur i landa til saman! Eg må også vite kor stort kvart land er.»

I tabellen under ser du arealet av kvart land.

Vil du endre råda dine til Kristian og Amalie basert på desse dataa?

Land Landareal (km2)
A 9 596 961
B 143 998
C 17 098 242
D 301 340
E 7 741 220
F 54 610
G 323 802
H 65 300

Kva for andre data kan vere nyttige å ha for Kristian og Amalie for at dei skal kunne ta den beste avgjersla om kvar dei skal flytte?

Under ser du fleire data som Kristian og Amalie har samla om dei åtte landa.

Analyser dataa og bestem deg for kva for eit land du vil rå dei til å flytte til. Forklar også kvifor du meiner at dataa støttar valet ditt.

Land % av befolkninga som bur i urbane område % av landet som er urbane område Landareal der det ikkje kan bu folk (km2)
A 48 2,00 1 919 392
B 29 4,50 14 400
C 74 1,50 854 912
D 67 1,70 3 013
E 88 0,30 5 418 854
F 14 2,30 13 653
G 82 0,14 226 661
H 62 0,88 3 265

Kva for andre data kan vere nyttige å ha for Kristian og Amalie for at dei skal kunne bestemme seg?

 

Starthjelp

Amalie vil flytte til eit urbant område, medan Kristian ikkje vil det.

Korleis kan du finne den omtrentlege urbane folketettleiken og folketettleiken på landsbygda ut frå dataa du har fått?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten konfronterer elevane med at når ein samlar inn data for å prøve å svare eit spørsmål, er det viktig å identifisere alle relevante variablar. Ein overforenkla analyse av ei avgrensa mengde informasjon kan føre til feil avgjersler.

I aktiviteten får elevane også øve på å rekne ut høvetal og prosent.

Mogleg tilnærming

Introduser oppgåva og vis informasjonen om folketalet i kvart land. Arbeidsarket i menyen til venstre kan vere nyttig.

«Basert på denne informasjonen, kva land bør Kristian busetje seg i, og kva land bør Amalie velje?»

Ta imot svara frå elevane og grunngivingane deira. Dersom ingen foreslår at dei treng meir informasjon, kan du stille dette spørsmålet: «Er det noko meir Kristian og Amalie bør vurdere før dei bestemmer seg?»

Skriv på tavla forslaga som kjem. Deretter kan du dele ut den andre delen av arbeidsarket eller vise den andre tabellen.

«Kristian og Amalie må også sjå på folketettleiken, ikkje berre folketalet. Kan de bruke desse dataa til å finne folketettleiken og gi dei råd?»

La klassen arbeide ei stund med å finne folketettleiken i dei ulike landa. Samle inn svara, og sei at råda til Kristian og Amalie no har endra seg. Gå så tilbake til eventuelle andre forslag frå elevane om andre faktorar, før du deler ut den siste delen av arbeidsarket eller viser den siste tabellen.

«Her er fleire data om dei åtte landa. Bli einig med partnaren din om korleis de vil analysere dataa, og samarbeid om å analysere dei for å sjå om råda dykkar til Kristian og Amalie vil endre seg. De må også kunne forklare utrekningane de gjer.»

Til slutt kan elevane dele det dei har gjort, med resten av klassen, og samanlikne svar. De kan også diskutere andre faktorar som de meiner at Kristian og Amalie bør vurdere.

I denne aktiviteten passar det godt å bruke rekneark for å analysere dataa.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva informasjon treng du?
  • Korleis kan informasjonen du har tilgjengeleg, brukast til å svare på spørsmålet?
  • Fører meir informasjon til at du endrar det opphavlege svaret ditt?

Mogleg utviding

«Tenk på andre kontekstar der meir informasjon kan føre til at ein endrar syn på noko.»

Eit interessant prosjekt for elevane kan vere å finne nokre verkelege eksempel, for eksempel frå medisinsk forsking, der eit første funn vart forkasta etter at meir data kom fram.

Mogleg støtte

Vis nokre liknande utrekningar som dei elevane treng å gjere, før alle dataa blir tilgjengelege.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9