Brøk, desimaltal og prosent
Aktivitet
Målet med dette spelet er å finne dei to korta som høyrer saman.
Skriv ut korta på papir. Det finst tre sett med kort. Sett A er det enklaste, og sett C er det vanskelegaste. Du finn korta som kopioriginalar.
Kva for strategiar brukte du for å finne to kort som høyrer saman?
Kva for par var dei enklaste å finne?
Kva for par var vanskelegare å setje saman?
Starthjelp
Ein tredel er talet du får når du deler 1 i 3. Ein tredel kan representerast på desse måtane:
|
|
|
\(\frac13\) eller ein ekvivalent brøk, for eksempel
\(0,3333 \dots =0,\overline{3}\)
\(33 \frac13 \:av\: 100 = 33 \frac13 \) %
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Dette spelet kan gjere elevane flinkare til å kjenne igjen ekvivalente brøkar, desimaltal og prosentar.
Mogleg tilnærming
Det er tre sett med kort som du kan skrive ut, sjå lenkjene i menyen til venstre. Sett A er enklast, og sett C er vanskelegast. Kvar halvdel (topp/botn) er eitt sett åleine, så du kan kombinere dei for å lage storleiken og vanskegraden på spelet slik du vil. For eksempel kan du kombinere toppen på sett A med botnen på sett B.
Demonstrer aktiviteten ved å bruke dei fysiske korta. La elevane spele, og gå vidare til neste nivå når dei er klar for det.
Samle klassen og spør etter strategiar som er til hjelp i spelet.
Elevane kan også lage sine eigne sett med kort som dei kan dele på og bruke til å spele fleire versjonar av spelet.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva kan passe saman med
?0,3 - Kva kan passe saman med
?25 % - Kva kan passe saman med
? \(\frac35\) - Kva for kort er enklast å setje saman til par?
- Kva for kort er vanskelegare å setje saman?
Mogleg utviding
Elevane kan lage kort som krev utrekning, for eksempel
Mogleg støtte
Oppfordre elevane til å spele med korta vendt opp nokre gonger før dei prøver med korta vendt ned.
Ressursen er utviklet av NRICH