Læreplankoblet

Piknik i parken

Aktivitet

Sonja, Mikkel og Billy er på piknik i parken. Biletet viser det dei har med seg av mat og drikke. Dei skal dele alt likt.

To pizzaer delt i fire, to halvlitersflasker, tre epler og sju muffins.

Kan du finne ut kor mykje kvar av dei får?

Kan du uttrykkje dette som brøk, desimaltal eller prosent?

 

Starthjelp

Kor mange pizza/epler/ muffins er det?

Kor mange får kvar av dei?

Kor stor del av heile pizzaen er eitt stykke? Kva brøk er det? Kor mange stykke får kvar av dei?

Korleis kan brusen delast rettferdig?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten skal elevane dele noko likt, og samtidig utforske brøk, desimaltal og prosent på fleire ulike måtar. Oppgåva belyser også kva som i ulike situasjonar er «den heile» når vi snakkar om brøk, desimaltal og prosent.

Mogleg tilnærming

Vis biletet til klassen, og fortel om barna som er på piknik.

La elevane snakke saman i par om korleis dei vil gå fram. Gå rundt og lytt, og legg merke til korleis dei uttrykkjer kor mykje kvart barn får, som brøk, desimaltal og prosent.

Samle klassen og be elevane om å forklare korleis dei veit at maten og drikket er delt likt mellom dei tre barna. Så kan de for eksempel diskutere fleire måtar å dele pizzaene på. Diskuter også ulike måtar for å uttrykkje korleis barna kan dele brusen: 23 av ei flaske til kvar eller 13 av ein liter til kvar. Snakk om samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent ved å sjå på delane av mat og drikke som barna får, og diskuter kvar ein finn igjen ein av representasjonane i dei andre.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kor mykje pizza/epler/ muffins er det til saman?
  • Korleis kan vi dele det likt mellom tre personar?

Mogleg utviding

Korleis blir det dersom det er fire barn på pikniken? Blir det enklare å dele maten og drikket likt dersom det er andre antal barn?

Mogleg støtte

For somme elevar kan det vere ei støtte å ha biletet på eit ark framfor seg, eller ha konkret som dei kan dele fysisk.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8