Ulike storleikar
Aktivitet
Legg desse rektangla i rekkjefølgje frå minst til størst.
Legg du merke til noko i måten dei aukar i storleik på?
Kva med sidene?
Kva med arealet?
Kan du leggje rektangla i eit mønster som viser dobling? Kan du teikne nokre ulike teikningar som også viser dobling?
Korleis blir det med halvering? Kan du leggje rektangla eller lage ei teikning som viser halvering, igjen og igjen?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne aktiviteten skal mogleggjere diskusjonar om halvering og dobling. Elevane får også høve til å lage sine eigne teikningar, diagram, symbol og eksempel på objekt som kan halverast eller doblast.
Mogleg tilnærming
Skriv ut nok kopioriginalar slik at alle har eitt eksemplar.
Gi elevane tid til å utforske dei relative storleikane. Dette er eit godt høve til å gå rundt i klasserommet og høyre på språket som elevane brukar, og ideane som dei har. Gå ut frå ideane deira og still spørsmål om storleik, rekkjefølgje, farge og det som er likt og forskjellig i figurane. Korleis har elevane arrangert rektangla?
Fokuser så på språket for å samanlikne storleikar. Kva kan elevane seie for eksempel om den raude og den gule figuren? Samtal i plenum om sidelengdene og areala til figurane. Nokre elevar snakkar kanskje om større og mindre, eller lengre og kortare, medan andre kjenner igjen samanhengen med dobling og halvering. Dette er eit nokså sofistikert omgrep, og kan synleggjerast ved å leggje figurane oppå kvarandre.
La elevane få tid til å lage sine eigne teikningar/modellar/arrangement for å demonstrere dobling og halvering, og gi dei høve til å snakke om det dei har gjort.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva slags mønster kan du lage med figurane? Fortel meg om mønsteret ditt.
- Kan du vise meg to figurar der den eine er det doble av den andre? Korleis er han dobla?
- Korleis er den andre figuren halvert?
Mogleg utviding
Elevar som treng ekstra utfordringar, kan få presentert figurane utan at dei står på rett linje (hulter i bulter), og dei skal ikkje klippe dei ut. Her må dei gjere nokre visualiseringar for å kunne svare på spørsmåla dine.
Mogleg støtte
Somme elevar synest det er vanskeleg å samanlikne areal. For dei kan aktiviteten konsentrerast rundt språk for lengder.
Ressursen er utviklet av NRICH