Tautrekking
Aktivitet
Dette er eit er spel for to spelarar. De treng ei teljebrikke (eller noko liknande), eit papirark og to 1–6-terningar.
Slik spelar de:
Teikn ei tallinje på papiret, som den nedanfor, og plasser teljebrikka på talet 14. Den raude sirkelen representerer teljebrikka.
Den eine spelaren kallar seg Pluss, og den andre kallar seg Minus. Bli einige om kven som er kven.
Pluss flytter brikka frå venstre til høgre, og Minus flytter brikka frå høgre til venstre. Byt på å kaste dei to terningane og å leggje saman dei to tala. Flytt brikka rett antal plassar i di retning.
Dersom brikka når 1, har Minus vunne. Dersom brikka når 27, har Pluss vunne.
De kan tenkje på om de må lande akkurat på 1 eller 27, eller om de har lov til å gå over for å vinne. Kva blir skilnaden dersom de har lov til å gå over i staden for å lande akkurat på tala?
Når de har blitt vane med spelet, kan det hende de får lyst til å gjere nokre endringar. De kan for eksempel ha ei brikke kvar og sjå kven som kjem til sin ende først, de kan finne differansen mellom dei to terningane, eller de kan bruke tre terningar.
Når de har endra spelet, kan de diskutere om endringane dykkar gjorde spelet betre.
Starthjelp
Kor mange plassar er det mellom brikka og din ende av tallinja?
Kan du lage det talet ved å bruke dei to terningane?
Kva kan du lage med dei to terningane?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Dette spelet er laga for at barna skal bli vane med å flytte noko langs tallinja begge vegar frå eit gitt punkt. Det kan også vere til hjelp når du introduserer negative tal.
Spelet kan oppfordre til høgare matematisk tenking, for eksempel ved at du gir barna valet mellom å addere eller å subtrahere dei to tala kvar gong. Det betyr at dei må ta avgjersler i staden for berre å vere avhengige av tilfeldigheiter. Ved å sjå på alle moglegheiter kan dei flytte så mange plassar som det passar best for dei.
For å spele dette spelet utan ein vaksen må barna kunne bruke ein terning og flytte antalet plassar dei har fått, ved å telje. Dei må også kunne skilje mellom flytt til høgre og flytt til venstre.
Mogleg tilnærming
Begynn med å dele gruppa/klassen i to lag, eit Pluss-lag og eit Minus-lag, som skal spele mot kvarandre på tavla. Kast to terningar og sei tala høgt, og la eit barn kome fram og flytte brikka for laget sitt. Når de har spelt nokre gonger, kan du spørje barna om dei trur at spelet blir betre dersom brikka må treffe nøyaktig på 1 eller 27. Bli einige om nokre nye reglar for å teste det, og be barna om å spele i par.
Samle klassen og spør kva versjon av spelet barna likte best, og kvifor. Ver merksam på barn som grunngir meininga si på ein tydeleg måte. Deretter introduserer du ein ny versjon, der barna kan addere eller subtrahere dei to tala på terningane. Spel med to lag ved å bruke tavla igjen, for å gi dei ei kjensle av korleis spelet går. Spør kva dei to moglegheitene er, kvar gong du kastar terningane. Diskuter kva for ei som vil vere best med tanke på trekket som skal gjerast, og kvifor. Så skal para spele på papir. No kan dei velje sjølve om brikka må nå enden akkurat, eller om ho kan gå over.
I plenum spør du barna kva for ein versjon dei synest var best, og kvifor. Trekk fram responsar som indikerer at valet mellom å addere og subtrahere betyr at spelarane har meir kontroll. Du kan foreslå at barna skal finne på sine eigne reglar for å gjer spelet betre.
Gode rettleiingsspørsmål
Spørsmåla er kategoriserte slik at du kan få hjelp med å identifisere forkunnskapane barna har, både om talomgrep som inngår i spelet, og om strategiane og den matematiske tenkinga som trengst for å vinne.
Talomgrep
- Skal du addere eller subtrahere dei to tala? Kvifor?
- Er der betre å spele spelet når du kan addere eller subtrahere tala på terningane? Kvifor?
Problemløysing, matematisk resonnering og vinnstrategiar
- Er det betre å spele spelet når du må nå enden akkurat, eller når du kan gå over han? Kvifor?
- Kan du lage nokre eigne reglar?
- Kva gjer spelet ditt betre enn andre versjonar?
Mogleg utviding
Spelet «Meir tautrekking» introduserer eksplisitt negative tal, og kan brukast som ei utviding av denne aktiviteten.
Mogleg støtte
Spelet kan forenklast ved å bruke berre éin terning og flytte antalet plassar som ein kastar, i staden for å addere tala på to terningar. I så fall er det også enklare å ha ei kortare tallinje, for eksempel ei som går til 15, og begynne med brikka på 8.
Ressursen er utviklet av NRICH