Læreplankoblet

Kor langt?

Stikkord: Addisjon Subtraksjon

Problem

Her ser du avstandane (i luftlinje) frå London til fleire byar i verda. Avstandane er i kilometer.

kart

Utfordring 1:

Dersom nokon tok deg med dei første 1000 kilometrane, kor mykje ville du hatt igjen av turen til kvar av dei tolv byane?

Utan å rekne det ut, kan du seie kva for eit av svara som er det vanskelegaste å rekne ut, og kva for eit som er det lettaste? Kvifor er det slik?

Kan du lage nokre oppgåver sjølv som andre kan løyse?

Utfordring 2:

Dersom du begynte i København og reiste til London (ein tur på 1000 kilometer), før du reiste vidare til neste by, kor langt ville du ha reist i kvart tilfelle då?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva har ein kontekst der elevane kan arbeide med å finne 1000 meir enn eller 1000 mindre enn eit tal.

Mogleg tilnærming

Du kan vise karta til elevane, og be dei foreslå kva tala betyr.

Elevane kan deretter arbeide i par, og du kan foreslå at dei ser etter den enklaste og den vanskelegaste utrekninga før dei reknar på noko.

Etter ei stund kan to og to par gå saman for å diskutere funna sine. Dersom dei ikkje er einige om kva som er den enklaste eller den vanskelegaste utrekninga, kan dei prøve å overtyde kvarandre. Det krev resonnering og kunnskap om addisjon og subtraksjon.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis tenkjer du her?
  • Dersom du reknar det ut ved å skrive ned reknestykket, kan du forklare korleis du har tenkt?

Mogleg utviding

Elevane kan utfordrast til å lage eigne oppgåver som andre kan løyse. Her kan dei bruke ulike tal og andre byar om dei vil. Då må dei også tenkje på kor langt det er til dei nye byane.

Mogleg støtte

For somme elevar kan det vere best å fokusere på éi strekning om gongen, og bruke god tid på å tenkje over problemstillinga.

Ressursen er utviklet av NRICH

8