Læreplankoblet

Kor mange?

Aktivitet

Sjå på dette biletet av ferskenar.

Ferskener

Kor mange ferskenar ser du?

Korleis fann du det ut?

No kan du sjå på biletet av appelsinane.

Appelsiner

Kor mange ser du her?

Korleis fann du det ut?

Sjå på dette biletet:

Bringebær

Kor mange bringebær ser du her?

Korleis kom du fram til det?

Starthjelp

  • Kva kan du gjere når du skal telje på dei tre bileta ovanfor?
  • Korleis kan du kontrollere arbeidet ditt?
  • Kan du telje på ein annan måte? Kvifor kan du gjere det på den måten?

Løysing

Peder og Luna løyste oppgåva slik:

På det første biletet såg vi at det var fire kolonnar med fem ferskenar i kvar kolonne. Difor rekna vi ut \(4\cdot5\), som er 20.

På det andre biletet såg vi at det var tre kolonnar med seks appelsinar og to kolonnar med fem appelsinar, pluss at det mangla ein i midten. Difor tenkte vi at det var 5 + 5 = 10, 6 + 6 = 12, og 6 – 1 = 5, det vil seie 10 + 12 + 15 = 27.

På det siste biletet prøvde vi å telje bringebæra, og gjetta at det var ca. 50 i kvar eske. Til saman vart det \(50\cdot6\), som er det same som \(100\cdot3\), som er 300.

 

Aisha og Ramandeep løyste oppgåvene på denne måten:

På det første biletet såg vi at det var femmar-rader, og talde 5 – 10 – 15 – 20.

På det andre biletet såg vi at det var tre femmar-rader og to seksar-rader. Vi talde 5 – 10 – 15 – 20 – 25, og så plussa vi på ein ekstra for kvar seksar-rad: 25 + 2 = 27.

På det siste biletet gjetta vi at det var ca. 39 i kvar eske. Det fann vi ut ved å setje ein prikk på kvart bringebær i ei eske. Så la vi saman radene: 39 + 39, som er 78, så 78 + 78, som er 156, og så 156 + 78, som er 234.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva har låg inngangsterskel. Her får elevane moglegheit til å forklare korleis dei visualiserer tal, og forklare strategiane sine for å finne talet på frukt. Ein fordel med denne aktiviteten er at bileta opnar for ulike tolkingar og framgangsmåtar for å finne kor mange det er. Elevane kan velje om dei vil telje ei og ei frukt, eller telje dei gruppevis. Samtidig vil dei kunne utvikle evna til å anslå og sjå fordelar ved ulike teljestrategiar.

Mogleg tilnærming

Vis elevane det første biletet, og spør kor mange dei ser. Ikkje sei meir på dette stadiet i arbeidet, men gi elevane eit par minutt til å finne eit svar. Deretter kan dei dele svaret med ein medelev og forklare for kvarandre korleis dei kom fram til det endelege talet.

Etter nokre minutt kan du samle heile klassen og la dei dele strategiar med kvarandre. Det kan vere nyttig at elevane viser og teiknar på bileta, samtidig som dei forklarer strategiane sine. Ta gjerne vare på bilete med teikningar til seinare arbeid med teljestrategiar og multiplikasjon. Ikkje legg fram dine eigne tankar og strategiar medan elevane forklarer. Be heller elevane stille spørsmål eller kommentere arbeidet til dei andre elevane.

No viser du elevane biletet av appelsinane, og spør dei kor mange det er. Dei kan arbeide med dette biletet parvis. Gå rundt i klasserommet, og lytt til ulike strategiar for å finne talet. La tre–fire elevpar dele strategiane sine med resten av klassen etterpå. Vel ut varierte strategiar, nokre som de diskuterte til det førre biletet, og nokre nye.

Etter den andre klassesamtalen viser du biletet av bringebæra. Elevane kan halde fram med å arbeide parvis, eller du kan dele dei i mindre grupper, alt etter kva som passar best. I den siste klassesamtalen bør du leggje vekt på elevstrategiar der elevane har prøvt å telje eitt og eitt bringebær, og strategiar der dei har prøvt å anslå kor mange bær det er i ei korg, og bruke det til å finne det totale talet på bær. Diskuter med elevane når det vil vere mest tenleg å anslå, og når dei bør telje nøyaktig.

Det kan hende at elevane treng å ha bileta på papir. Denne pdf-fila inneheld alle bileta.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kor mange ferskenar/appelsinar/bringebær er det?
  • Korleis veit du det?
  • Korleis kom du fram til det talet?
  • Korleis vil du kontrollere svaret ditt?
  • Kva var det som gjorde at du valde ein annan framgangsmåte enn på det førre biletet?

Mogleg utviding

Utvid oppgåva ved å vise liknande bilete, og spørje kor mange einingar elevane ser på dei ulike bileta. Du kan auke vanskegraden ved å velje bilete av frukt som er delt i to (eller fleire) delar, eller einingar som er delvis skjulte bak andre.

Mogleg støtte

Med bileta på papir blir oppgåva meir overkomeleg for enkelte elevar. Du kan skrive ut kopioriginalen og dele ut denne. Elevane kan også lage mønstera frå bileta med ekte frukt eller med teljebrikker. Då kan dei eventuelt omgruppere slik at det blir enklare å finne det totale talet.

Ressursen er utviklet av NRICH

8