Læreplankoblet

Kluss i 100-kartet

Aktivitet

Ein morgon når du kjem inn i klasserommet, ser du at alle tala har falle ned frå 100-kartet på veggen. Tala ligg i ein haug på golvet, og det tomme rutenettet heng igjen.

Det er berre fem minutt til timen begynner, og de må kjapt få hengt opp tala på rett plass.

Kva gjer de? Korleis vil de begynne?

For å kome i gang med dette problemet kan de bruke talkorta og det tomme 100-kartet som finst i lista med kopioriginalar.

Først må de avgjere om 100-kartet dykkar begynner med 0 eller 1, eller om det begynner med eit heilt anna tal.

Har de ulike meiningar om korleis det er lurt å begynne for å få tala tilbake på kartet så fort som mogleg?

Løysing

Denne oppgåva kan løysast på mange ulike måtar.

Kim, Mikael og Jonas løyste oppgåva slik:

100-kartet vårt begynte med 1. Først fylte vi inn tala frå 1 til 10 vassrett i rutenettet. I kolonnen under 1 fylte vi inn 11, 21, 31, 41, 51, 61, 71, 81 og 91. Så brukte vi desse tala til å finne ut kvar dei andre tala skulle stå.
 

Marte, Tuva og Luna løyste oppgåva på denne måten:

100-kartet vårt begynte med 0. Først sorterte vi talkorta i bunkar etter talet på tiarplassen. Vi fylte inn tala frå 0 til 9 i øvste rada i kartet. Etterpå fylte vi inn tala frå 10 til 19 i neste rada, så tok vi 20–29, deretter 30–39, og så vidare rad for rad.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne aktiviteten gjer det mogleg for elevane å bruke, forsterke og utvikle forståinga si av plassverdisystemet, multiplar og gongetabellen. Dei får bruke forståinga si av mønster og evna til å visualisere. Dei kan også diskutere strategiane sine. Kva er ein god strategi for å hengje talkorta på rett plass på veggen så raskt som mogleg? Kva gjer ein bestemt strategi meir effektiv enn ein annan?

Mogleg tilnærming

Vel eit 0–99-kart eller eit 1–100-kart med talkort. Alternativt kan du bruke anna materiale som du alt har i klasserommet. La elevane prøve å plassere talkorta på rett stad.

Elevane skal utforske oppgåva i par. Etter ei stund diskuterer de ulike framgangsmåtar:

  • Tok de opp det øvste talkortet og prøvde å plassere det på rett stad? Korleis bestemte de kvar det skulle stå?
  • Var det nokon som rota gjennom korthaugen og leita etter eit spesialt tal som dei visste kvar dei skulle plassere? Kva for eit tal valde de? Kvifor akkurat dette talet?
  • Kva for tal meiner de det er lurt å plassere først? Kvifor det?

I denne diskusjonen kan du prøve å få fram ulike strategiar. Kva strategiar synest elevane eignar seg best for å løyse oppgåva raskt og effektivt?

La elevane forklare korleis dei veit kvar dei skal plassere talkorta. Legg vekt på strategiar som framhevar mønster, plassverdiar og multiplar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kvar vil du plassere det talkortet?
  • Korleis veit du at du skal plassere det der?
  • Er du sikker på at kortet skal plasserast der? (Dette spørsmålet må stillast til alle, ikkje berre til dei som plasserer kort feil. Når ein stiller spørsmålet når dei har gjort det rett, kan det framheve viktige element i strategien til elevane og styrkje kommunikasjon, forklaringar og resonnering.)

Mogleg utviding

Kan vi bruke dei same strategiane dersom vi har eit 100-kart som går frå 50 til 149? Korleis blir det dersom vi ikkje bruker eit 100-kart, men eit 6 x 6-kart (altså eit 36-kart)? Korleis veit vi kvar vi skal plassere talkorta då? Kva for talkart er enklare eller vanskelegare enn 100-kartet?

Mogleg støtte

For nokre elevar kan det vere ei støtte å få eit 100-kart der nokre av talkorta er plasserte på rett plass. Somme kan arbeide med talkart opp til 30 eller 50. Andre vil kunne ha nytte av å ha ein vaksen i nærleiken, slik at dei kan samtale om framgangsmåtar.

Ressursen er utviklet av NRICH

8