Kva er Ziffler?
Aktivitet
Det er ein planet ute i verdsrommet som heiter Zargon.
På denne planeten er det tal som blir kalla ziffler.
For eksempel er desse tala ziffler: 56, 105, 28, 63, 49.
Desse tala er ikkje ziffler: 100, 18, 65, 9, 76.
Berre to av desse tala er ziffler: 16, 14, 57, 24, 70.
Kva er spesielt med ziffler?
Starthjelp
Ta ein titt på gangetabellen!
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
I denne oppgåva skal elevane sjå etter mønster og bruke kunnskap om gongetabellen og eigenskapar ved tal.
Mogelg tilnærming
Be elevane sjå på tala og utforske eigenskapane ved dei.
Gode rettleiingsspørsmål
- Er det partal eller oddetal eller begge delar i dei forskjellige eksempla?
- Er det primtal?
- Er det trekanttal?
- Er alle tala i femgongen?
Mogelg utviding
Elevane kan lage liknande utfordringar for resten av klassen, for eksempel ved å ta utgangspunkt i andre tal i gongetabellen.
Mogelg støtte
Lag eit eksempel med tal som er litt enklare å arbeide med enn tala i sjugongen.
Somme elevar kan ha nytte av å bruke konkret.
Ressursen er utviklet av NRICH