Læreplankoblet

Symjebasseng

Aktivitet

Har du vore i eit symjebasseng i det siste?
Når vi begynner å lære oss å symje, går vi gjerne forsiktig ned trappene, eller så bruker vi stigen ned i bassenget.
Nedanfor ser du bilete av ei trapp og ein stige som går ned i eit basseng.

Svømmebasseng med trapp og stige.
  1. På biletet ser du at trappetrinna i vatnet er fargelagde. Det første trinnet er lysegrønt, det andre er lilla, det tredje er raudt, osv. Dei same fargane gjeld også for trinna i stigen.
  2. Du begynner på trinn 4, og du vil gå berre eit lite stykke ned i vatnet, til det raude trinnet. Dersom du går eitt trinn om gongen, kor mange steg må du gå?
  3. Neste gong begynner du på trinn 2, og du skal gå ned til det blå trinnet. Kor mange steg må du gå no?
  4. Når du er ferdig i bassenget, sym du bort til trappa og stiller deg på det gule trinnet. Kor mange steg må du gå for å kome til trinn 5?

No er det på tide å nummerere dei fargelagde trinna. Nummerer trinna nedover frå vassoverflata. Kan du lage din eigen måte å nummerere trinna under vatn på?

Send gjerne inn bilete av trappa di når du har nummerert henne!

Starthjelp

  • Bruk fingeren din til å «hoppe» eit trinn om gongen når du går opp eller ned trappa, og tel for kvart hopp.
  • Kva tal vil du gi trinnet som ligg akkurat der vatnet begynner?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva kan brukast i samband med introduksjonen til negative tal.

Mogleg tilnærming

Den første delen av oppgåva handlar om å telje langs ei tallinje i forskjellige retningar. I denne representasjonen går teljinga føre seg vertikalt, i staden for den meir vanlege horisontale tallinja. I den siste delen av oppgåva skal elevane vere kreative og finne på eigne måtar å nummerere trinna under vatnet. Det kan føre til interessante diskusjonar i klasserommet. Trekk fram fleire strategiar og forklaringar, og be elevane forklare kvifor dei meiner deira metode fungerer godt. Diskuter kva for ein metode som fungerer best.

Etter ei stund introduserer du omgrepet negative tal. Spør om nokon kjenner til eller har sett ei vertikal tallinje i ein eller annan samanheng. Somme vil kanskje nemne termometer, så det kan vere ein god idé å ha eit tilgjengeleg, slik at de kan diskutere den negative delen av tallinja, og kva desse tala betyr. Deretter kan du overføre denne negative tallinja til symjebassenget. Når elevane er på eit høgare nivå, kan de gå tilbake til symjebassengoppgåva, og diskutere differansar mellom negative og positive tal.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kan du forklare korleis du fann ut dette?
  • Korleis vil du nummerere trinna som er under vatn?
  • Kva nummer har trinnet som ligg akkurat på vassoverflata?

Mogleg utviding

La elevane arbeide med andre situasjonar der dei må finne differansen mellom negative og positive tal.

Mogleg støtte

Elevane kan ha nytte av ei lita, vertikal tallinje som går frå negative til positive tal. Det kan vere nødvendig å diskutere plasseringa av 0.

Ressursen er utviklet av NRICH

8