Brøkstavar
Aktivitet
Sjå på stavane med forskjellig farge.
Du kan også laste ned biletet som ein kopioriginal.
Sorter stavane i rekkjefølgje etter storleiken. Kan du gjere det utan å klippe dei ut?
Deretter kan du fokusere på denne staven:
Denne staven representerer to heile, eller talet 2. Det kan vere lettare å forstå dersom du ser for deg at det er to stavar som er éin heil kvar, og at dei er sette saman.
No kan du tenkje på dei andre fargelagde stavane som brøkdelar av denne staven, slik at du tenkjer på dei som brøkdelar av 2.
Sjå for eksempel på staven S nedanfor.
Ved å teikne linjer kan du lettare måle S mot den svarte staven:
Kor stor brøkdel er S av den svarte staven?
Samanlikn kvar av dei andre fargelagde stavane med den svarte.
Kor stor brøkdel av 2 er kvar stav?
Skriv ned forslaga dine for kvar stav. Du kan for eksempel skrive dette:
"Stav S er to tredelar av den svarte staven"
eller
"Stav S er \(1\frac13\)"
Kan du finne ut korleis vi kom på desse tre forslaga?
Når du har funne ut kva brøkdel av 2 kvar stav representerer, kan du prøve oppgåva "Fleire brøkstavar".
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
I denne oppgåva får elevane høve til å øve på sortering og samanlikning av brøkar. Det gjeld også det å finne ein brøkdel av éin heil for å finne ein brøkdel av 2. Når elevane samarbeider om oppgåva, får dei utvida og presisert vokabularet sitt om brøk.
Mogleg tilnærming
Begynn med å vise fram på ein storskjerm nokre stavar med forskjellig lengde. Set saman ei rad med mindre stavar, og vis at til saman er dei like lange som ein større stav. Klarer elevane å finne ut kor stor del av den store staven kvar av dei mindre stavane er? Dersom den store staven representerer 2, kva brøkdel representerer den mindre staven då?
La elevane arbeide saman i par eller små grupper. Dei bør ha tilgang til centikubar eller liknande, og lage einsfarga brøkstavar med dei. Dersom de ikkje har slike kubar, kan elevane klippe ut stavar frå kopioriginalen.
Gi elevane litt tid til å utforske sorteringa og kva for brøkar kvar stav representerer. I plenum kan gruppene kome med forslag og forklare dei. Usemje mellom gruppene kan føre til gode diskusjonar. Oppfordre alle gruppene til å grunngi forslaga sine.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kvifor stemmer forslaget ditt?
- Kan du finne ein måte å skrive det ned på?
- Kvifor har du valt desse brøkane?
Mogleg utviding
Be elevane sjå på kvar av brøkstavane og samanlikne dei med andre. Eksempel: P er \(1\frac15\) av R, sidan \(P=36\) og \(R=30\).
Mogleg støtte
Somme elevar kan trenge støtte for å forstå at den lengste staven på 48 representerer to heile. Det kan vere til hjelp å først finne ut kva som representerer éin heil.
Ressursen er utviklet av NRICH