Læreplankoblet

Namn i klassen

Aktivitet

Her er ei liste over namn i klasse 5B på Lillehaugen skule.

tabell

Ein dag det var 34 elevar i klassen, sa læraren Amanda at dei skulle lage nokre diagram ved å bruke namna. Ho viste fram klasselista på tavla.

Først laga elevane ei oversikt over kor mange namn som begynte med kvar bokstav. Den første delen av oversikta til Beate og Selma såg slik ut:

bilde

Kan du fullføre oversikta dei har begynt på?

Etterpå laga alle elevane frekvenstabellar som viste denne informasjonen. Første delen av oversikta til Alex og Johannes såg slik ut:

n

Etterpå vurderte elevane kva for nokre bokstavar i alfabetet dei trong, og kva for nokre dei ikkje trong for å lage eit blokkdiagram av namna i klassen. Så tok gutane fram gule kvadrat, og jentene tok fram blå kvadrat. Dei teikna eit lite bilete av seg sjølve og skreiv den første bokstaven i namnet sitt ved sida. Alle kvadrata limte dei på eit ark. Siste delen av oversikta til klassen såg slik ut:

bilde bokstaver

Kan du finne ut kven som var borte frå skulen den dagen, ved å sjå på dette diagrammet?

Elevane laga så eit fullstendig blokkdiagram som inkluderte alle i klassen, også dei som var borte den dagen.
Her er midten av blokkdiagrammet:

diagram

Kva for bokstavar står dette for?
Kan du lage eit blokkdiagram for heile klassen?

Starthjelp

  • Det kan vere nyttig å skrive ut lista med namna.
  • Det kan også vere ein god idé å skrive ut bokstavane i alfabetet på eit ark, som ei førebuing til resten av oppgåva.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten nyttar vi enkle og oversiktlege data til å illustrere forskjellige metodar for presentasjon og analyse av data. Spørsmåla utfordrar elevane til å tolke dataa som blir presenterte, og dei må i tillegg arbeide med å presentere data sjølve. Du kan be elevane sjå på presentasjonen av data med eit kritisk blikk, ved å diskutere kva for metodar dei synest passar best, og kvifor.

Mogleg tilnærming

Fokuset i denne aktiviteten er ikkje datainnsamling, men ulike måtar å presentere data på som elevane kanskje ikkje kjenner til frå før.

La elevane arbeide saman i par. Dei får bruk for ei liste med namna og dei forskjellige representasjonane i den tenkte klassen. La elevane få bestemme kva dei treng for å lage dei forskjellige representasjonane. Rutepapir kan vere nyttig.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva fortel denne oversikta/tabellen deg?
  • Korleis lagar du denne oversikta/tabellen?
  • Kva kan du tolke ut frå oversikta du har laga?
  • Korleis veit du kven som var borte frå skulen den dagen?

Mogelg utviding

Aktiviteten reisestatistikk kan gi fleire moglegheiter for dataanalyse, og inviterer elevane til å samle eigne data.

Ressursen er utviklet av NRICH

8