Olympiske rekordar

Stikkord: Tolke data Grafer

Aktivitet

Olympiske rekorder

Nedanfor ser du ti grafar som viser korleis olympiske rekordar har utvikla seg gjennom åra i ti øvingar.
Kan du finne ut kva for ei olympisk øving kvar av grafane representerer?

Vis/skjul

graf 1
graf 2

 

graf 3

 

graf 4
graf 5
graf 6
graf 7
graf 8
graf 9
graf 10

 

Her er nokre spørsmål du kan tenkje over:

  • Kva må einingane på dei vertikale aksane vere?
  • Kvifor viser nokre grafar ein fallande trend, medan andre viser ein stigande trend?
  • Er det nokre uvanlege trekk i nokre av grafane? Kva kan vere moglege forklaringar på dei?

 

Starthjelp

Her ser du oversikta over dei ti olympiske øvingane som grafane i oppgåva handlar om (men prøv så godt du kan å finne ut av det sjølv før du sjekkar!):

Vis/skjul

Høgdehopp for menn

10 000 m for kvinner

1500 m for kvinner

Lengdehopp for menn

Høgdehopp for kvinner

100 m for kvinner

Spydkast for menn

100 m for menn

Tikamp for menn

4 x 100 m stafett for menn

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I arbeidet med denne oppgåva må elevane finne meining i informasjonen som er gitt i grafiske bilete. Dei må bruke det dei sjølve veit om friidrettsøvingar, for å kunne tolke og forklare hovudtrekka i dei ulike grafane.

Mogleg tilnærming

Del klassen opp i grupper på tre til fire elevar, og gi kvar gruppe ein kopi av oversikta over dei ti grafane.

Be elevane studere dei ti grafane og prøve å finne ut kva for ti olympiske øvingar dei representerer. Alle grafane viser olympiske rekordar som har endra seg i tida frå dei første moderne olympiadane vart arrangerte.
Gi gruppene god tid til å studere grafane, diskutere og begynne å finne meining i kvar av dei.
Gå rundt og lytt til korleis elevane resonnerer. Dersom nokre grupper står heilt fast, kan eit par spørsmål vere til hjelp for å kome vidare:

  • Kva kan de seie om øvingar der rekordane har blitt høgare gjennom tidene?
  • Kva slags øvingar kan ha fått lågare rekordar?

Etter at elevane har fått tilstrekkeleg med tid til å studere grafane, skal dei setje opp ei liste med øvinga som kvar av grafane representerer.
Samle inn alle svara. Sjå over og kommenter, for eksempel slik:
«Dei fleste gruppene har tenkt at graf 1 handla om …, medan nokre få har meint at det var … eller … Har de eit overtydande argument for kva denne grafen kan vise? Eller kva han ikkje kan vise?»
(Her kan det vere greitt å vise eitt og eitt bilete frå PowerPoint-fila.)
Gå gjennom kvar graf på same måten. Prøv å få elevane til å beskrive hovudtrenden i grafen, og oppmuntre dei til å kome med overtydande argumentasjon for kva for ei øving dette kan, eller ikkje kan, beskrive.
Du må vurdere om elevane skal få søkje på internett under arbeidet, eller om dei skal vente til den felles gjennomgangen. Då kan dei søkje på https://www.olympic.org/athletics og finne opplysningar om alle rekordane, og bruke dei til å stadfeste eller avkrefte løysingar.

Mogleg utviding

Be elevane undersøkje særleg uvanlege trekk i grafen, som

  • drastiske forandringar
  • lange sprang mellom nye rekordar
  • data som manglar frå den første delen av førre hundreår
  • rekordar som går både opp og ned

Mogleg støtte

Under «Starthjelp» finst det ei liste over dei ti øvingane denne oppgåva handlar om. Elevane kan få sjå lista, eller ho kan skrivast ut frå kopioriginalen.
Dersom elevane har fått utdelt utskrifter med alle grafane, kan dei klippe ut lista over alle øvingane slik at dei kan feste til den grafen som dei meiner passar til.

 

Ressursen er utviklet av NRICH

9