Læreplankoblet

Dersom verda var ein landsby

Aktivitet

Tenk deg at befolkninga i verda (ca. 7 700 000 000 menneske) er representert i ein liten landsby med 100 innbyggjarar, slik at kvar innbyggjar representerer omtrent 77 millionar menneske i den verkelege verda.

Her er eit eksempel:

I landsbyen er det 100 menneske:

  eller         eller    

Kva for ein representasjon viser oss dei 100 menneska på best mogleg måte? Kvifor?

Her er eit anna eksempel:

I landsbyen er det 61 personar frå Asia, 13 frå Afrika, 12 frå Europa og 8 frå Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia. 5 er frå Canada og USA, 1 er frå Oseania. Korleis kan vi representere dette?

Asia 61
Afrika 13
Europa 12

Sør-Amerika, Mellom-Amerika

og Karibia

8
Canada og USA 5
Oseania 1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

eller

eller

eller

Alle representasjonane viser same informasjonen.

  • Kva for ein representasjon viser best at det er 100 menneske?
  • Kva for ein viser at det er mange fleire menneske frå Asia enn frå nokon annan stad?
  • Kva for ein gjer det lettast å telje?
  • La du merke til korleis eit flagg vart brukt for å representere informasjonen?

No kan du representere meir data frå landsbyen på din eigen måte.

Elektrisitet:

76 personar har elektrisitet, 24 har ikkje det.

Luft og vatn:

82 personar har tilgang til trygt og reint vatn, anten heime eller i nærleiken. 18 har ikkje det og må bruke store delar av dagen på å skaffe vatn som er trygt å drikke. Dei fleste som hentar vatn, er kvinner og barn.

64 har tilgang på kloakksystem, medan 36 ikkje har det.

68 pustar inn rein luft, medan 32 pustar inn luft som er farleg på grunn av forureining.

  • Kan du representere denne informasjonen på forskjellige måtar?
  • Kan du finne på andre data om landsbyen som du kan representere på ulike måtar?
  • Kan du finne på andre data om landsbyen som du kan representere på ulike måtar? Her kan du bruke fantasien eller søkje på internett og finne informasjon.

Starthjelp

Her er nokre eksempel som kan inspirere til nye idear.

Vaksne i landsbyen som ikkje kan lese:

 

Barn i landsbyen som går / ikkje går på skule:

 

Kan du kome på andre måtar å vise dette på?

Løysing

 

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Det å la elevar vurdere ekte data er ein svært verdifull prosess.
Datamaterialet i denne aktiviteten tek utgangspunkt i den verkelege verda, og kan difor opplevast som både engasjerande og meiningsfullt. Det handlar om alvorlege saker.

I tillegg til å tolke ekte data får elevane høve til å vurdere korleis data blir presenterte og tolka. Når det same datamaterialet blir representert på forskjellige måtar, kan det gjere elevane nysgjerrige på effekten av representasjonar. Dei blir også meir klar over korleis dei sjølve kan representere data effektivt.

Her er det mange måtar ein kan bruke matematikk på i kvardagslivet. Omgrepa «meir», «mindre» og «forskjell» blir dekte i samband med diskusjonen av datamaterialet. Avhengig av representasjonane til elevane kan tema som tilnærma verdiar, brøk og forhold også inkluderast.

Gjennom prosessen vil elevane få forståing av korleis antal kan sjå ut. Ettersom landsbyen har 100 innbyggjarar, kan dette knytast til prosent i arbeid med eldre elevar.

Her er det også rom for tverrfaglege diskusjonar om verda – geografisk, sosialt og økonomisk (seie noko om tverrfaglege tema meir eksplisitt?).

Mogleg tilnærming

Begynn med å forklare at befolkninga i verda (ca. 7 700 000 000 menneske) er representert i ein tenkt liten landsby med 100 innbyggjarar, slik at kvar innbyggjar representerer omtrent 77 millionar menneske i den verkelege verda.

Del bileta med elevane, og be dei tolke informasjonen. Det kan vere nyttig å ha tilgang til eit verdskart under arbeidet. Diskuter fordelane med dei ulike representasjonane. Du kan også vurdere å bruke 100 barn for å representere landsbyen. Det kan vere ekstra engasjerande når dei begynner å diskutere ting som rikdom, elektrisitet, TV og liknande. Set at elevane er ein av dei 100 som ikkje har elektrisitet eller TV?

La elevane arbeide i grupper, gi dei eit datasett frå landsbyen (anten frå oppgåva eller eit du vel sjølv), og be dei velje korleis dei vil representere det. Nokre ting vil vere lettare å representere enn andre, så her kan aktiviteten tilpassast nivået til elevane.

Gi dei gjerne eit utval av hjelpemiddel som dei kan bruke i arbeidet sitt, for eksempel kubar, teljebrikker, post-it-lappar, bilete som kan klippast ut, ark og fargestifter, pasta eller perler. Du kan nok vente at elevane ombestemmer seg undervegs når det gjeld representasjonane dei vil bruke. Fortel dei at representasjonen dei vel, bør gjere størst mogleg inntrykk på den som ser det. Du kan til og med insistere på at dei skal prøve ut forskjellige representasjonar før dei vel ein.

Når datamaterialet er presentert visuelt, kan klassen lage ei utstilling. Be kvar gruppe om å lage eit lite infoskriv, slik at andre som ser på presentasjonen, kan forstå det er dei ser på. Dei som besøkjer utstillinga, kan vere elevane i klassen, men det kan også vere fint å invitere elevar frå andre klassar, foreldre eller andre lærarar.

Aktiviteten kan eventuelt gjerast til eit stort prosjekt med ei endeleg utstilling, med billettar, mat og drikke og mykje anna.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva viser datamaterialet?
  • Kva fortel det oss?
  • Kva tenkjer du om det?
  • Korleis er dette forskjellig frå ...?
  • Dersom du budde i landsbyen, kvar ville du vore?
  • Kor mange fleire/færre ... ?
  • Omtrent kor mange er dette?
  • Korleis vil du representere denne informasjonen?
  • Finst det ein annan måte å gjere det på?
  • Er dette den tydelegaste måten å vise det på for dei som ser utstillinga?

Mogleg utviding

Elevane kan samle informasjon frå sin eigen klasse eller skule og representere funna, for eksempel:

  • Kor mange søsken har du?
  • Les du før du legg deg?
  • Kor lang tid bruker du på lekser?
  • Kor mange bur det heime hos deg?

Mogleg støtte

Somme elevar vil ha behov for å sjå forskjellige representasjonar før dei kjenner seg trygge på å lage sine eigne. Oppfordre elevane til å gjere endringar undervegs – det er lett å endre tilbake! Kanskje treng dei også litt hjelp i starten til å prøve ulike representasjonar og sjå kva som eignar seg best. Be elevane vurdere om representasjonen deira er rettferdig, eller om han passar til konteksten.

Elevsvar

Elevar i klasse 7A ved Byåsen skule har arbeidd med oppgåva og laga mange forskjellige representasjonar for å vise kor mange menneske det er frå dei forskjellige verdsdelane.

Fleire brukte geobrett for å representere menneska i landsbyen.

Lukas og Christoffer: 

Lukas og Christoffers geobrett

Kaja og Helle:

Kaja og Helles geobrett

 

Martine, Kasper og Adrian:

Martine, Kasper og Adrians geobrett

 

Kristoffer og Torarin:

Kristoffer og Torarins geobrett

 

 

Lone teikna eit 10 x 10-kvadrat og fargela område som representerer dei forskjellige personane i landsbyen (éin prikk er éin person i landsbyen og 77 millionar i den verkelege verda):

Lones diagram

 

Aila teikna eit søylediagram:

Ailas søyldediagram

 

Emma teikna éin person som representerte kvar verdsdel, og skreiv talet ved sida:

Emmas tegning

 

Selihom fargela 100 kvadrat som representerer dei 100 innbyggjerane:

Selihoms tegning

 

Vi fekk også inn ei anna løysing der 100 kvadrat er fargelagde, og der det i tillegg er skrive på talsymbol:

Anonym løsning

 

Kaja og Helle brukte rekneark og laga eit sektordiagram for å vise kor mange av dei 100 innbyggjarane i landsbyen som har fått koronavaksine (29.04.2021):

Kaja og Helles sektordiagram

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9