Læreplankoblet

Først til hundre

Aktivitet

To terninger.

Dette er eit spel for to lag. Det kan vere 1–2 spelarar på kvart lag. Spelarane byrjar med å teikne ei tallinje frå 0 til 100.

Reglar:

Lag 1 kastar den eine terningen, og vel om det terningen viser, skal vere einar eller tiar. Same lag kastar deretter den andre terningen. Viss laget valde tiarar i første kast, blir dette kasta einarar, og omvendt. Lag 1 gjentek dette slik at dei har to tosifra tal. Differansen mellom desse to tala utgjer lengda på hoppet som lag 1 skal gjere på tallinja. Differansen som lag 1 kjem fram til, blir markert på tallinja ved å teikne inn hoppa frå 0 til dette talet.

Deretter skal lag 2 gjere det same. Lag 2 teiknar hoppa sine på undersida av tallinja, gjerne i ein annan farge. Bruk same framgangsmåte, men hopp heile tida vidare frå der du landa omgangen før. Førstemann som hoppar over 100, vinn.
 

Døme:

I første kast får lag 1 ein firar, og dei vel at det skal telje som tiarar.

I andre kast får dei ein femmar, det tel då som einarar. Resultatet deira:  45.

Lag 1 kaster så ein ny runde og får eit nytt resultat, til dømes 36. Differansen mellom 45 og 36 er 9. Det betyr at lag 1 kan gjere 9 hopp vidare på tallinja. Kvart hopp har ei lengd på 1.

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Dette spelet gir elevane øving i

  • addisjon og subtraksjon av heile tal
  • å bruke tallinja til berekningar og til å vise talstorleikar
  • posisjonssystemet

Mogleg tilnærming

Oppgaven kan introduserast ved at du teiknar tallinja på tavla. Her er det fint å bruke terningar, gjerne store, slik at du kan spele mot elevane. Dei får då erfare korleis spelet fungerer. Det kan vere lurt å diskutere kva differanseomgrepet betyr, før elevane starter. Deretter speler dei to mot to.

Mogleg utviding

Dette spelet kan også spelast slik at det er den som passerer 100 sist, som vinn.

Mogleg støtte

For elevar som strevar med addisjon og subtraksjon, kan det vere formålstenleg å bruke konkretiseringsmateriell. Teljebrikker eller ei teljesnor kan vere formålstenlege representasjonar, men det er viktig at elevane forstår kva teljebrikkene eigentleg står for.

 

Ressursen er utviklet av Matematikksenteret

Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC
8