Baravelle
Aktivitet
Kikk på biletet ei lita stund før du klikkar det bort.
Kan du
- etterlikne biletet?
- beskrive biletet?
- seie noko om det matematiske som du legg merke til?
- kome på nokre matematiske spørsmål dom du vil finne ut av?
Du finn også biletet som kopioriginal.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Føremålet med å studere biletet er å leggje til rette for diskusjon om forskjellige måtar å sjå på, og å stille spørsmål som kan oppmuntre til vidare undersøkingar.
Mogleg tilnærming
Sjå på biletet i om lag eitt minutt før du gøymer det eller tek det bort. Del deretter idear.
Vel ut ein eller to idear eller spørsmål som klassen undersøkjer vidare, for eksempel:
- etterlikne biletet
- finne ut kor stor brøkdel av heile figuren som er kvit, raud eller blå
Gode rettleiingsspørsmål
- Kan du gå vidare innover med mønsteret? Gå vidare utover?
- Liknar figuren på noko du kjenner frå før?
- Kan du forklare kvifor du meiner at brøken får denne verdien?
Mogleg utviding
Prøv å finne forholdet mellom lengdene på sidene i trekantane.
Ressursen er utviklet av NRICH
8,9