Matias på fisketur
Problem
Løysing
Rett svar er 6 fiskar, svaralternativ B.
Kort forklaring:
Vi leitar etter eit tal som gonga med 3 er 12 meir enn det talet vi leitar etter.
Ein måte å finne det ut på er å bruke dei ulike svaralternativa:
Dersom svaret er 7, er 7 · 3 = 21. Forskjellen mellom 21 og 7 er 14. Difor kan ikkje alternativ A vere rett.
Dersom svaret er 6, er 6 · 3 = 18. Forskjellen mellom 18 og 6 er 12. Det stemmer med opplysningane i oppgåva.
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Oppgåva kan hjelpe elevane til å utvikle kompetanse i å utforme eigne resonnement, både for å løyse problemet og for å argumentere for framgangsmåtar og løysingar.
Mogleg tilnærming
Aktiviteten kan introduserast ved at du viser biletet for alle elevane. Be dei tenkje individuelt over korleis dei kan begynne. Deretter kan dei diskutere ideane sine med ein medelev. Diskuter til slutt i heile klassen. Sjå etter elevar som har funne informasjon om det talet dei er på jakt etter, og har gode strategiar som baserer seg på å systematisere informasjonen eller bruke svaralternativa for å løyse oppgåva. Oppmuntre alle til å finne slike forklaringar.
Gode rettleiingsspørsmål
- Korleis kan du begynne, og kvifor?
- Kva betyr «3 gonger så mange»?
- Kva er det meint med «12 fiskar meir enn det han har no»?
- Kva er det du skal finne ut her? Kva veit du om det talet?
- Korleis kan du halde god oversikt over det du har funne ut?
Mogleg utviding
- Kan du setje opp ei likning for å løyse oppgåva?
- Kan du lage fleire liknande oppgåver til dei andre i klassen?
Mogleg støtte
Sjå på svaralternativa. Er det nokon som du meiner er heilt uaktuelle? Kvifor?
Prøv dei ulike alternativa.
Formuleringane «3 gonger så mange» og «12 fiskar meir enn det han har no» kan vere vanskelege å forstå for elevane. Bruk litt tid slik at dei forstår kva formuleringane betyr.
Det kan vere ein idé å forenkle problemet i første omgang for at elevane skal forstå formuleringane, og arbeide med eitt og eitt i starten. Det kan gjerast med liknande oppgåver:
- Mathias har fått 4 fiskar færre enn eg fekk. Eg fekk 9 fiskar. Kor mange fekk Matias?
- Eg fekk 9 fiskar. Matias fekk 3 gonger så mange fiskar som eg fekk. Kor mange fekk han?
Ressursen er utviklet av Matematikksenteret