Sirklar, sirklar
Aktivitet
Her ser du nokre sirklar som er myntar, teljebrikker og ringar. Det er 10 myntar, 19 teljebrikker og 12 ringar.
Kor mange myntar, teljebrikker og ringar må du bruke for å lage figurane ein storleik større?
Kva meiner du er ein storleik større?
Figurane ovanfor er ein trekant, ein sekskant og eit rektangel.
Kva for figurar kan du lage ved å setje saman sirklar?
Kor mange sirklar vil du då bruke?
Kor mange treng du for å lage ein storleik større?
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Matematikk er eit kreativt fag, og det inneber mellom anna å oppdage og beskrive mønster, bruke varierande og tenlege problemløysingsstrategiar og ta i bruk kunnskap i ukjende situasjonar. Kreative matematikarar leikar med eksempel, teikningar og modellar, eksperimenterer og stiller gode spørsmål. Denne oppgåva oppfordrar elevane til å spørje seg kva som vil skje dersom …, og vere nysgjerrige nok til å gå nokre steg lenger.
Mogleg tilnærming
Oppgåva handlar om å organisere sirklar, telje og finne ut kva som skjer vidare.
Bruk nokre store sirklar, som pappskiver eller store ark, og lag først trekanten medan elevane ser på. Etter sju–åtte sirklar kan du be ein elev føreslå kvar den neste skal leggjast, og la ein annan elev føreslå den neste sirkelen. Du må kanskje vurdere kva rekkjefølgje du vil leggje sirklane i, og om det vil påverke forslaga elevane kjem med.
Deretter kan du vise bileta til elevane og stille rettleiingsspørsmåla nedanfor.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva har du bestemt deg for å gjere med sirklane dine?
- Korleis ville figuren som kom før din (ein storleik ned), ha sett ut?
Mogleg utviding
La elevane prøve med andre figurar, for eksempel likebeina trekantar, kvadrat eller regulære sekskantar.
Ressursen er utviklet av NRICH