Læreplankoblet

Papirpartnarar

Aktivitet

Fargede ark

Du treng papir i tre ulike storleikar og to–tre ulike fargar for å arbeide med denne oppgåva.

Partnaren din og du skal bestemme korleis de kan beskrive dei ulike papirarka. De må først bli samde om kva ord de vil bruke til å beskrive storleikar og fargar.

Etter tur skal de spørje etter eit papir som partnaren skal gi til deg. Det er berre lov til å beskrive papiret, ikkje pek! Døme: «Kan du sende meg det store blå arket?», «Kan du sende det vesle raude arket?»

Etterpå kan du prøve å lage eit mønster med to ark og be partnaren din om å kopiere det.

Som ei ekstra utfordring kan du beskrive mønsteret til partnaren din, utan å vise det fram, og be partnaren om å kopiere mønsteret. Døme: «Legg det vesle blå arket midt oppå det store raude arket, slik at dei ligg likt.»

 

Starthjelp

 

  • Korleis kan du beskrive storleiken av eit papirark?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva legg opp til utvikling av visuelle ferdigheiter, beskrivande språk og samarbeidsferdigheiter.

Mogleg tilnærming

Begynn med bunkar med A4-, A5- og A6-papir i to–tre ulike fargar. Vis fram eit ark, og be elevane tenkje for seg sjølv korleis dei kan beskrive arket. Deretter kan to og to diskutere forslaga sine. Til slutt kan para dele tankane sine med resten av klassen. Gjer dette med fleire ulike ark for å trekkje fram omgrep som liten, knøttliten, stor, mellomstor, enorm og diger, i tillegg til fargane på arka. Eit viktig poeng å peike på er at til dømes omgrepet mellomstor berre gir meining når ein har eit stort og eit lite ark å samanlikne med.

Ei morosam fortsetjing er å spele eit «1, 2, 3 … vis meg!»-spel, der du beskriv ein storleik og ein farge på eit papir, utan å halde opp eit døme. Når du seier «vis meg!», held ein i paret opp eit ark som passar til skildringa. Dette kan utvidast til at du beskriv to ark, og elevane i para held opp eitt ark kvar. Du kan også gi negative instruksjonar, som «vis meg eit ark som ikkje er stort eller blått!».

Problemet kan deretter introduserast som i skildringa over.

Gode retteleiingsspørsmål

  • Kva storleik har arket du viser fram? Korleis veit du det? Kan du samanlikne det med eit ark som kan beskrivast som lite/mellomstort/digert?

  • Kva storleikar manglar vi?

  • Kva er likt og ulikt mellom desse to arka?

Mogleg utviding

Bruk ei eske utan lokk (ei kopipapireske passar perfekt), og legg fleire ark i botnen av han i eit bestemt mønster. Nokre forslag finn du på biletet under. Be ein av elevane i kvart par om å komme fram og sjå i eska. Dei må då tenkje over korleis dei vil beskrive det dei ser, og formidle dette til partnaren som sit på plassen sin. Partnaren skal ut frå skildringa prøve å kopiere mønsteret som er i eska. Elevane som beskriv mønsteret, må stå med armane på ryggen eller hovudet, slik at dei ikkje kan peike når dei skal beskrive korleis partnaren skal leggje arka.
 

Ark i forskjellige mønster

 

Ressursen er utviklet av NRICH

8