Fargerike kvadrat
Aktivitet
Bruk desse hinta til å fargeleggje kvadrata:
- Turkis er mellom grøn og raud.
- Oransje er under grøn.
- Gul er til venstre for både lilla og oransje.
Du kan også bruke denne interaktiviteten:
Etter at du har løyst problemet, kan du lage eigne oppgåver som liknar på denne. Når du skal lage ei oppgåve, kan du følgje denne oppskrifta:
- Plasser seks (eller fleire) kvadrat med forskjellig farge i eit rutenett.
- Lag ei liste med instruksjonar som ein annan person kan bruke for å plassere kvadrata på same måten.
- Lista må innehalde nok informasjon til at alle kvadrata kan plasserast, men ho skal vere så kort som råd.
- Når du er ferdig med lista di, må du gå gjennom punkta og sjå om det er nokon du kan fjerne, utan at oppgåva blir umogleg å løyse.
- Utfordre ein venn til å løyse oppgåva du har laga.
Starthjelp
- Kva for eit kvadrat kan vere turkis? Korleis veit du det?
- Korleis kan det andre hintet vere til hjelp?
- Prøv å fargeleggje kvadrata, eller bruk teljebrikker med forskjellige fargar. Passar fargane til hinta?
Løysing
Lærarrettleiing
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Oppgåva gir elevane moglegheit til å bli betre kjende med vanlege preposisjonar. Det krev også at dei arbeider systematisk.
Mogleg tilnærming
Før du introduserer oppgåva, kan du for eksempel leggje nokre fargeark på golvet eller ha nokre flyttbare fargelagde sirklar på ei interaktiv tavle. Be elevane snakke om det dei ser, ved å bruke høvelege preposisjonar, som over, under, mellom, framfor, bak, over og under, og andre omgrep som beskriv posisjonar: ved sida av, lengst borte, nærast osv.
Når elevane skal arbeide med sjølve aktiviteten, er det nyttig at dei får utdelt teljebrikker, multilink eller centikubar, papirkvadrat eller liknande, slik at dei kan prøve ulike kombinasjonar. Begynn med nokre enklare instruksjonar med berre eitt og to steg før du introduserer problemet munnleg. Hinta bør du gjenta fleire gonger før elevane får prøve seg på å løyse problemet. Dersom elevane er gode lesarar, kan problemet også delast ut skriftleg. I staden for konkretiseringsmateriell kan du dele ut kopioriginalen, der elevane kan fargeleggje kvadrata. Dei kan også samarbeide ved ein datamaskin og bruke den interaktive GeoGebra-appleten.
For å belyse forskjellige strategiar kan du mot slutten trekkje fram og diskutere forskjellige elevsvar. Det kan vere interessant å sjå på kva for strategiar elevane har brukt for å begynne. Elevane kan også kome fram og vise deira veg til løysinga på ei interaktiv tavle eller ved å bruke GeoGebra på storskjerm.
Gode rettleiingsspørsmål
- Kva for eit kvadrat kan vere turkist? Korleis veit du det?
- Korleis kan det andre hintet vere til hjelp?
- Fargelegg kvadrata, eller bruk teljebrikker med ulike fargar. Passar fargane til hinta?
Mogleg utvidelse
Elevane kan lage sine eigne utgåver av oppgåva og få ein klassekamerat til å løyse problemet. Heile klassen kan også prøve desse nye problema.
Når elevane lagar slike oppgåver som andre skal løyse, arbeider dei med utvikling av algoritmar. I ein slik samanheng er det viktig å poengtere at algoritmen (punktlista med instruksar) skal vere så effektiv som råd. Algoritmen må innehalde nok informasjon til at oppgåva kan løysast berre på éin måte, men ikkje meir enn nødvendig. Når elevane har skrive ferdig algoritmen sin, bør dei difor prøve han ut sjølve og studere han for å fjerne eventuell unødvendig informasjon.
Mogleg støtte
Legg opp til samarbeid i par når elevane arbeider med problemet. Det kan vere lurt å setje elevar som er svake i lesing, saman med nokon som er flinkare til å lese, slik at dei likevel kan arbeide med dei skriftlege hinta.
Ressursen er utviklet av NRICH