Finn den falske mynten!
Problem
Du har nokon myntar, som alle ser like ut, men éin er falsk og er litt tyngre enn dei andre.
Du har lov til å samanlikne to grupper med myntar på ei vekt med to balanserte armar.
Kva er det største talet myntar som gjer det mogleg å finne den falske mynten ved å berre gjennomføre to vegingar på vekta?
Starthjelp
Ved kvar veging må vi tenkje oss at vi legg like mange myntar på kvar side i vekta. Då er det tre moglege utfall:
- Venstre side er tyngst: Den falske mynten ligg på venstre side i vekta.
- Høgre side er tyngst: Den falske mynten ligg på høgre side i vekta.
- Myntane på begge sider veg like mykje: Det er ingen falske myntar på vekta.
Kan du bruke dette til å finne ei løysing?
Ressursen er utviklet av NRICH
9,10