Læreplankoblet

Koda hundrekart

Aktivitet

Dette hundrekartet er skrive i kode.

Det begynner på 1 og endar på 100.

Kan du setje det saman?

Du kan også klippe ut bitene i papir. Du finn også hundrekartet og brikkene som kopioriginal.

Starthjelp

  • Kvar kan du begynne?
  • Korleis ser dei første tala ut?
  • Korleis ser dei siste tala ut?
  • Kva veit du om tala i 11-gongen?
  • Kva vil vere likt i kvar kolonne?
  • Kva vil vere likt for dei første ni tala i kvar rad?

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Oppgåva utfordrar elevane til å reflektere over oppbygginga av hundrekartet og til å tenkje på dei hundre første tala i talsystemet vårt.

Oppgåva handlar om plassverdi, og fremjar gode diskusjonar mellom elevar som arbeider i lag. Kvart teikn står for eit av siffera frå 0 til 9. Elevane bør forklare og argumentere for ideane sine.

Mogleg tilnærming

Du kan introdusere oppgåva til ei gruppe elevar ved å be dei sjå for seg hundrekartet i hovudet. Dei skal svare munnleg på desse spørsmåla:

  • Kva kjem rett under 10? (20)
  • Kva for eit tal ligg to hakk til venstre for 99? (97)
  • Dersom eg begynner på 34 og flytter meg tre rader ned og tre plassar til høgre, kva tal endar eg på då? (67)

Kvar gong må elevane forklare korleis dei kom fram til svaret. Kanskje kan du også be nokre elevar om å finne på eit eige spørsmål til resten av gruppa.

Det kan hende somme elevar heller vil sjå på eit hundrekart for å kontrollere svara sine, men ikkje oppfordre til det!

Deretter kan du introdusere sjølve oppgåva.

Eller du kan kopiere kartet og klippe ut brikkene. Kopieringsoriginal til hundrekartet og brikkene finn du her.

Til slutt kan elevane i fellesskap diskutere korleis dei fann den informasjonen dei trong for å setje saman puslespelet og forstå konstruksjonen av det koda hundrekartet.

Det kan vere interessant å samanlikne dei ulike framgangsmåtane og diskutere kvifor ulike framgangsmåtar er like gyldige.

Det er viktig at elevane kan argumentere for kvifor kvar del av puslespelet passar inn der dei gjer.

Du kan gjerne framheve verdien av å diskutere med andre når ein løyser denne oppgåva. Kvifor kan det vere nyttig?

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kvar kan du begynne?
  • Korleis ser dei første tala ut?
  • Korleis ser dei siste tala ut?
  • Kva veit du om tala i 11-gongen?
  • Kva vil vere likt i kvar kolonne?
  • Kva vil vere likt for dei første ni tala i kvar rad?

Mogleg støtte

Somme elevar som sit fast, kan ha nytte av å få eit vanleg hundrekart som dei kan referere til når dei arbeider med denne oppgåva.

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9