Læreplankoblet

Noa

Stikkord: Telling Strategier

Aktivitet

Slange med føtter fra mange forskjellige dyr.

Noa såg 12 bein som gjekk om bord i arka.

Kor mange dyr kan han ha sett?

Kor mange forskjellige svar kan du finne?

Kan du forklare korleis du kom fram til dei forskjellige svara?

Starthjelp

  • Kva slags dyr kunne det ha vore?
  • Kor mange bein har kvart av dei?
  • Kva er det største antalet dyr Noa kunne ha sett?
  • Kva er det minste antalet dyr han kunne ha sett?

Løysing

Denne oppgåva har svært mange ulike løysingar! Bruk fantasien og finn så mange som mogleg.

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Det å introdusere litt humor i matematikken kan auke gleda, og elevane synest ofte at denne aktiviteten er nokså morosam. Dei får godt høve til å øve seg på teljing og på det å notere funna sine på forskjellige måtar. I tillegg kan alle ha ulike, men samtidig rette svar.

Elevane må finne strategiar for å halde orden på kor langt dei har talt når det gjeld bein, og dei må regulere og justere framgangsmåten når dei nærmar seg tolv.

Inkludering av dyr med eitt «bein», slik som sniglar, ingen bein, slik som slangar, og alle andre moglegheiter er morosamt og får fram interessante refleksjonar hos elevane. Dei overraskar deg fort med lure løysingar!

Kopieringsoriginal til oppgåva finst her.

Mogleg tilnærming

  • Be om forslag, og oppmuntre elevane til å teikne dyra sine på tavla. Tel dyra som kvart barn teiknar, og diskuter kven som har teikna flest, færrast eller like mange.
  • Gi elevane plastilin og 12 like lange sugerøyrbitar, slik at dei kan lage ei utstilling av dyr med totalt 12 bein.
  • La kvart barn teikne eit bilete. Skriv summen under (f.eks. 6 + 4 + 2 = 12), og set alle bileta saman til ei lita bok: «Vår forteljing om 12».

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kva slags dyr kunne det ha vore?
  • Kor mange bein har kvart av dei?
  • Kva er det største antalet dyr Noa kunne ha sett?
  • Kva er det minste antalet dyr han kunne ha sett?

Mogleg utviding

Du kan stille slike spørsmål:

Kva om det var 12 dyr? Kor mange bein kunne det ha vore?

Kva om det var fleire bein, 18, 24, 19 ..., eller færre bein?

Ressursen er utviklet av NRICH

8